Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Andere Tour (1)
- Fahrradtour (2)
-
Skitour (2)
- Langlauf (1)
- Tourenskilauf (1)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Storehornet, Litlehornet og Nupatinden
- Datum:
- 07.02.2026
- Tourlänge:
- 2:49h
- Entfernung:
- 8,5km
Fin vinterdagstur med Gunn og Ørjan ifrå Drageskaret. Fint å gå, lite is i stien. Har ikkje gått til Nupatinden sidan seint på 90talet, så det var på høg tid med eit besøk. Følte My legs were gone på veg oppatt til Storehornet på returen- Ørjan berre susa i frå med 20kg sekk på ryggen. Han må ha litt motstand når han går på tur med gamlisane.
Brendeåsen
- Datum:
- 12.01.2026
Kveldstur: isbrodda & hovudlykt, frisk tur runda i skogen i kveld. Med Gunn C
Stanley Park
- Datum:
- 28.12.2025
- Entfernung:
- 3,5km
Tur i nabolaget, gatelangs i Anfield Road. Stilige murials av både gamle og noverande heltar. Inn i Stanley Park, der Bill Shankley lufta bikkja som gjorde sitt fornødne bort med bana til Everton. Det gjorde ikkje vi, men gjekk rundt Goodison Park. Mange heftige nabooppgjer og tippekampar derifrå oppigjennom. Ærverdige Stanley Park, som truleg såg betre ut før i tida med sine dammer og bruer, svaner og ender samt Nøtteliten som også var på luftetur.
Ingen PB-Element av Anfield, så om ei barmhjertige sjel kunne ha lagt til Anfield, så hadde kartet sett mykje betre ut.
Store Nausen
- Datum:
- 08.10.2025
- Entfernung:
- 1,9km
Med start frå p-plass ved kirka i Gursken, så gjekk eg mot det som eg trudde var ein utanfor allfarvegtopp. Følgte eit gamalt tråkk av ein sti, som sårt hadde trengt meir trakk, men nokre gamle merkepinnar viste veg til Store Nausen eller Tua (på kartet)Det synte seg å vere ein fin nærtopp med god utsikt over fjorden utover Haugsbygda. Retur på god opptrakka sti ned gjennom Eventyrskogen. Vert glad i sjela over slike kreative og engasjerte folk som har laga til denne "verda" her. Vel verdt eit besøk for den yngre garde.
NB
Jensholmen- Herøy
- Datum:
- 08.10.2025
- Entfernung:
- 0,4km
Dei andre besøka mine på Jensholmen har nok gått med til å ete middag på kafeen, men no vart det ein liten og særdeles kort tur til grøn knott på Herøylista.
Brendeåsen
- Datum:
- 06.10.2025
Runda i skogen, kveldstur så haudelykta var på. Bommen i lysløypa til Brendeåsen og heimatt- vååått. Med GunnC
Stormen Amy var skikkelig kraftig natt til laurdag, fleire rotvelt rundtomkring.
