Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storehornet, Litlehornet og Nupatinden

Date:
07.02.2026
Duration:
2:49h
Distance:
8.5km

Fin vinterdagstur med Gunn og Ørjan ifrå Drageskaret. Fint å gå, lite is i stien. Har ikkje gått til Nupatinden sidan seint på 90talet, så det var på høg tid med eit besøk. Følte My legs were gone på veg oppatt til Storehornet på returen- Ørjan berre susa i frå med 20kg sekk på ryggen. Han må ha litt motstand når han går på tur med gamlisane.

Map    

Brendeåsen

Date:
19.01.2026

Runda i skogen m GunnC

Brendeåsen

Date:
17.01.2026

Runda i skogen med GC

Brendeåsen

Date:
12.01.2026

Kveldstur: isbrodda & hovudlykt, frisk tur runda i skogen i kveld. Med Gunn C

Brendeåsen

Date:
11.01.2026

Runda i skogen med GunnC, fint vinterver med litt snø og frosen bakke.

Stanley Park

Date:
28.12.2025
Distance:
3.5km

Tur i nabolaget, gatelangs i Anfield Road. Stilige murials av både gamle og noverande heltar. Inn i Stanley Park, der Bill Shankley lufta bikkja som gjorde sitt fornødne bort med bana til Everton. Det gjorde ikkje vi, men gjekk rundt Goodison Park. Mange heftige nabooppgjer og tippekampar derifrå oppigjennom. Ærverdige Stanley Park, som truleg såg betre ut før i tida med sine dammer og bruer, svaner og ender samt Nøtteliten som også var på luftetur. Ingen PB-Element av Anfield, så om ei barmhjertige sjel kunne ha lagt til Anfield, så hadde kartet sett mykje betre ut.

Map    

Brendeåsen

Date:
02.11.2025

Store Nausen

Date:
08.10.2025
Distance:
1.9km

Med start frå p-plass ved kirka i Gursken, så gjekk eg mot det som eg trudde var ein utanfor allfarvegtopp. Følgte eit gamalt tråkk av ein sti, som sårt hadde trengt meir trakk, men nokre gamle merkepinnar viste veg til Store Nausen eller Tua (på kartet)Det synte seg å vere ein fin nærtopp med god utsikt over fjorden utover Haugsbygda. Retur på god opptrakka sti ned gjennom Eventyrskogen. Vert glad i sjela over slike kreative og engasjerte folk som har laga til denne "verda" her. Vel verdt eit besøk for den yngre garde. NB

Map    

Jensholmen- Herøy

Date:
08.10.2025
Distance:
0.4km

Dei andre besøka mine på Jensholmen har nok gått med til å ete middag på kafeen, men no vart det ein liten og særdeles kort tur til grøn knott på Herøylista.

Map    

Brendeåsen

Date:
06.10.2025

Runda i skogen, kveldstur så haudelykta var på. Bommen i lysløypa til Brendeåsen og heimatt- vååått. Med GunnC Stormen Amy var skikkelig kraftig natt til laurdag, fleire rotvelt rundtomkring.