Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Saudeskorne

Datum:
20.03.2022
Entfernung:
2,9km

Fin tur med GunnC. Lite med rås når ein må ta av stien mellom "hornet og bjørnen". gjekk frå Leinestøylen. Heldt oss på venstresida av kollane bort til toppen. Flott utsikt mot Ulsteinvik &co.

Karte    

Brendeåsen

Datum:
01.01.2022

Start på det nye året. Via bom lysløypa til Brendåsen. Med GC

Runde

Datum:
29.12.2021
Entfernung:
4,5km

Tur saman med OleJ & co

Karte    

Hornseten

Datum:
27.12.2021

Litt trimming i jula m Ole J & co

Langberget

Datum:
26.09.2021
Entfernung:
2,4km

Pilgrimstur! Det er klart at ein ekte Langberger berre måtte hit. Her oppe følte meg virkeleg som ein stamfar på nr 1 av 3 slike "slektstoppar" på mi heilt eiga, private liste over langbergfjell. Gunn-Cisilie var med på dette slektstreffet . Ein fin tur oppover på lettstelt rygg i frå riksveg 51 over Flya. Kunne sjølvsagt gått vidare til Søre Brurskarskampen, men fann ut at det måtte bli ein liten nedtur i oppoverbakken etter ein slik familiefest. Beste helsing Langberg

Karte    

Mugnetinden

Datum:
25.09.2021
Entfernung:
11,0km

OJ 50års-feiring med tur til fjells. Det vart då ein flott tur frå Beitostølen. Ein tur gjennom i alle fall årstidene haust og vinter. Skodde og snøbyger mot toppen, men også sol og nydlege haustfargar på vegen opp og ned. Med på tur var jubilanten OJ, Lisbeth & resten av bursdagsselskapet Hilde, Ole B, Hans K, GunnC og meg. Eit rett så kjekt selskap

Karte    

Gyrinakken og Brendeåsen

Datum:
05.09.2021

Brendeåsen

Datum:
22.08.2021

Klovetinden

Datum:
08.08.2021
Entfernung:
7,5km

I dag var vi heldige som fekk ein slik flotte tur til Klovetinden. Perfekt turver og heilt vindstille på toppen. Drista oss til å kike over kanten ned i Masdalskloven- mektig og brutalt, rett ned. Med på tur var Inge, Ørjan og Gunn C. 22 år sidan eg var her sist. Såg bondegarden til Heia nede på Masdal.

Sandhornet og Grøthornet

Datum:
06.08.2021
Entfernung:
7,8km

Flott tur til Sandhornet. Alle 5 med og det var stas. Starta i frå flotte Hellevegen, som er ein attraksjon i seg sjølv. Opp Kråkenakken var det litt bratt og vi jobba med motivasjonen, men kom oss over kneika og til Grøthotnet. Forresten Grøthorn 5 av 16 på lista mi. Flott utsikt særskild til Saudehornet og Vassdalstind. Lettgått heile vegen på ryggen opp til Sandhornet. Flott tur.