Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Andere Tour (1)
- Fahrradtour (2)
-
Skitour (2)
- Langlauf (1)
- Tourenskilauf (1)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Brendeåsen
- Datum:
- 06.10.2025
Runda i skogen, kveldstur så haudelykta var på. Bommen i lysløypa til Brendeåsen og heimatt- vååått. Med GunnC
Stormen Amy var skikkelig kraftig natt til laurdag, fleire rotvelt rundtomkring.
Overgang Moltu-Leikong
- Datum:
- 05.10.2025
- Entfernung:
- 13,7km
Gunn og eg på langtur. Start frå parkeringa i Moltudalen. Gjekk først på Hestefjellet, deretter vidare til Sollia. Pausa der i le for skoddevinden. Heimattover til Rjåhornet. Fekk oss ein omgang med regnbyger der og på vegen nedatt via Bakkehammeren. Stive, våte og støle kom oss (endeleg) til parkeringa ved Leikong kirka. Ny pers for langtur i år på oss begge. Super tur!
Høgåsen
- Datum:
- 01.10.2025
- Entfernung:
- 2,1km
Fin liten tur før Ulrik &co skulle spele kamp mot Ørsta.
Starta og slutta ved Hovden skule. Mange fine stiar i området.
Kvitefjell-Loen
- Datum:
- 30.09.2025
- Entfernung:
- 2,8km
Kurs i Loen. Liten tur på ein varm og fin ettermiddag. Starta i frå idylliske Lovatnet
Storetua og Røddalshornet
- Datum:
- 28.09.2025
Finfin tur i flott ver og godt selskap med GunnC. Frå Holtane på Brekke og nedatt på parkeringa ved Røddalshornet. Ein overgang som vi lika godt
Vasshornet og Laupsnipa
- Datum:
- 30.08.2025
- Entfernung:
- 7,2km
Fint ver og ny kjempefin tur. Vasshornet til Laupsnipa frå Almestad og nedatt i Voldnes. Dette er ein flott overgang med rygg og kvasse Keipen som eit høgdepunkt
Med på tur var GunnC
Blæjevatnet rundt
- Datum:
- 28.08.2025
- Entfernung:
- 12,2km
Magisk!
For ein tur rundt Blæjevatnet. Opp og ned på egg,rygg og kanter. Ein av dei finaste eg har gått. Perfekt reisefølge med Ørjan og turveret stod i stil.
Parkerte på Røfsdalssætra, oppover i skog til hytta Tåbrotet og vidare opp i dalen. Gjekk litt feil ved stidelet, men henta oss greit inn. Lisjeblæja (1032moh) er eit stilig fjell og klyvinga mot toppen var artig og heilt trygg. Motbakkane kjentes i og svei leggane då vi kom opp til varden. Høgste toppen var litt lenger inn på ryggen. Deretter var det berre å nyte ein kjempeflott egg opp-ned og bortover til oppstiginga til Blæja (1143 moh). Kjempeflott rundskue derifrå.
Den blåmerka retninga synte vegen vidare og bratt ned til Blæjeskaret (ca 900 moh) der ein fekk oversikta over herligheita med skue mot vatnet og tindane >>>