Favourite trips
Favourite peaks
Skålanausa
- Date:
- 11.08.2024
- Distance:
- 3.2km
Medan Ulrik var på trening, så rakk eg ein liten tur mellom regnbygene. Rett opp på bratt sti i frå kraftverket i Ulsteindalen. Etter der bratte og mørke oppstigninga(tett med sikagran) følgte eg råsa bortover lyngen på ryggen, over toppen, og snudde der råsa starta å gå nedover igjen. Retur same veg.
Litlevatnet
- Date:
- 06.08.2024
- Distance:
- 4.3km
Lett trimtur i regveret. Skodda la seg i det eg kom opp til Litlevatnet. Våt sti til området ved høgste punkt på kollen, Tverrvadet eller Tverrberget som det står på kartet. Fann fastmerket også litt lenger nede. Ingen stiar hit.
Prins Oscars utsikt
- Date:
- 04.08.2024
- Distance:
- 3.3km
Medan gutta var på joggetur, så gjekk Gunn og eg ei runde i Bragernesåsen ved Spiraltoppen. Fint å gå her med eit uttall av stiar og vegar å velje mellom.Sol og varmt. Gjekk til Prins Oscars utsikt- som levde opp til namnet sitt. Møtte gutta ved Klopptjern som vi av nostalgiske grunnar måtte besøke...
Kjørsterudsjuvet
- Date:
- 03.08.2024
- Distance:
- 4.5km
Spennande tur gjennom Kjøsterudsjuvet saman med Lisbeth, OJ og fam.5.
Inngangen ved brua, følg elva vidare. Det var utrulig fasinerande å balansere seg oppover den smale kløfta att med elva. Ein kjenner seg ganske liten med dei steile fjellveggane ovanfor seg på begge sider og sendte ei lita bøn om at dei store steinane ikkje ramla ned denne dagen. Forfriskane bad i Gamledammen etter endt juvvandring.
Wyllerløypa
- Date:
- 30.07.2024
- Distance:
- 6.0km
Måtte teste ut Oslos-bratteste. Slalombakken Wyllerløypa og vidare opp til Tryvannstårnet saman med Gunn. Jau, bakken hadde sine bratte parti og det vart ein fin trimtur i fineveret. Kunne registrere Tryvann utan bil denne gongen.
Grefsenkollen
- Date:
- 28.07.2024
- Distance:
- 2.5km
Trimtur saman med Gunn i Norway cup-veka. Vansklegast å finne parkering då planen var å starte i bunn av bakken. Vi køyrde til parkeringsplass på toppen og gjekk ei runde rundt. Flott utsikt i frå restauranten ved toppen, men kanskje aller finaste utsikta over Osklo i frå høgda 288moh på ryggen opp til Grefsenkollen.