Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Bakkehammaren og Hillehornet

Datum:
03.04.2021

Storetua og heimatt

Datum:
01.04.2021
Entfernung:
9,1km

Vart ein friskustur dette! Fekk med heile famylien på tur med start frå Brekkane. Greitt til Storetua, kald vind på toppen så det drøya før vi fekk den etterlengta rasten. Etterkvart gjorde snøbygene sin entre og gjorde det litt utrivelig. Det vart heller å gå på. Ulrik klarte turen flott, litt gåen vart han ned frå Røddalshornet. Kjekt å gå heilt heimatt via Brendeåsen. Dette er ei fin rute som er lett å gå. Litt meir kav i vind og snøbyger. Så nokon vårdag vart ikkje 1.april i år heller!

Karte    

Heida

Datum:
31.03.2021

Heida-fin tur Med Gunn Cisilie

Gyrinakken-Kleppeåsen

Datum:
28.03.2021
Entfernung:
5,5km

Kjekk tur frå gocartbana, Gyrinakken, Brendeåsen og til Kleppeåsen. Fin tur i skogen. Eg synes det er like fasinerande å gå gammal-skogen ned frå Gyrinakken i Kleppefuruene. Idag så gjekk vi oppom Brendeåsen og ned til neste kolle med fin utsikt heimatt. Litt tungt opp til Kleppeåsen i dag. Hadde bil nr 2 på Pplassen der. Med på tur var kjekkaste Gunn Cisilie Bildet: Ein av forfedrene i jøsokbakkeklanen Anton Bakke. Rissa inn i olivinstein,truleg i 1911, langs stien til Gyrinakken. Held seg utrulig godt der den ligg ganske så ope til i furuskogen.

Gyrinakken og Brendeåsen

Datum:
21.03.2021

Ulsettua

Datum:
14.03.2021
Entfernung:
6,4km

Fin tur i vårsola. Vi starta ved parkeringa på Snipsøyr og følgde veg og sti opp. Fin rygg med utsikt mot Vartdalsfjell og høge fjell med sukker på. Veldig flott. Sjølve toppen, Ulsettua var no litt stusselig i forhold til resten av turen då, til og med hovudstien gjekk no utanom toppunktet. Men fin tur likevel. Med på tur Ulrik, Herman, GC og ej.

Karte    

Heida

Datum:
07.03.2021

Sollia

Datum:
07.02.2021

Fantastisk flott skitur til Sollia idag saman med Herman, Ørjan og Gunn Cisilie. Trur eg aldri før har sett så mange skispor frå Leikongsætra og opp. Har vore reinaste utfarta idet siste. Pudderkøyring med turlangrennski. Gjekk bra det også.

Brendeåsen

Datum:
31.01.2021