Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Annen tur (1)
-
Skitur (2)
- Fjellskitur (1)
- Langrennstur (1)
-
Sykkeltur (2)
- Blandet sykling (2)
Lister jeg samler etter
Favoritturer
Favorittopper
Den gamle stova i Laupen
- Dato:
- 19.04.2020
- Distanse:
- 2,4km
Corona-tur 2020
Vi går til stadar der ingen skulle tru at nokon kunne bu....
Det vart ein strabsiøs tur frå Voldneset til øydegarden i Laupen.
Vi følgde råsa nedanfor siste huset i enden. Råsa er delvis synleg, men etterkvart kom fire skogsparti med særs tett sikagran. Det var berre ynsgtemann på 8 som klarte å åle seg lavt nok til å passere. Resten i følgjet sleit med å ta oss fram. Ein kan likevel følgje stien innover. På slutten prøvde vi å gå rundt eitt av skogspartia,men det var ikkje særleg betre det heller p.g.a einekave og storstein.
Vi kom oss fram til slutt. Den gamle hytta, som står den endå eldre garden låg, var ganske så forfalle. Nokre digre beist av grantre hadde ramla ned på kryss og tvers og det eine treet hadde sneia bygninga og på ein mirakuløs måte >>>
Gyrinakken, Almen, Heida og Brendeåsen
- Dato:
- 17.04.2020
Flott tur med familien frå gocartbana. Vanleg rute til topps på Gyrinakken. Gjekk vidare og ned i skaret mot aust og tok av retning Rødskar. Artig terreng og ei lite gått rute frå Gyrinakken til Almen. Gjekk oss på orrfugl på reir, som skvatt både oss og seg sjølv. Vidare til Heida & Brendeåsen før vi registrerte fjellpoeng (georeg) ved bommen i Kleppefurene ved lysløya. Retur nedatt gjennom skogen via Kattadalen til huset vårt. Vart årets lengste gåtur, men det sei vel ikkje all verda... Ulrik og Herman gjekk heim i frå Almen. Ørjan og GC var med på heile runda.
Aurvollsegga
- Dato:
- 13.04.2020
- Distanse:
- 2,8km
Kjekk tur og ein topp med lite besøk.
Parkerte ved avkøyrsla til gokartbana. Følgde ryggen til topps. Fint å gå her.
Grøthornet-Jøsok
- Dato:
- 10.04.2020
Lite besøk på denne toppen. Vi gjekk opp frå Jøsokdalen ved Rødskar. Sjølve toppen ser derifrå ut som ei borg. Følgde stien retning Vasshornet. Gjekk vidare rett opp i frå der der råsa går inn i Skogadalen og følgde ryggane til topps.
Fin utsikt frå toppen mot Eiksundsområdet.
Må vere litt merksam på mange sprekker ved toppen og bratt utfor kanten, spesielt om ein har med små barn på turen.
Mykje stein i hulter og bulter utfor kanten i retning nordvest.
Vi gjekk nedatt på ryggen retning aust og passerte ein kjekk "bjørn" ( Lisjegrøtet) av ein stein som ligg igjen ifrå alders dage. Den ligg så fint i himmelsjå når ein køyrer opp Jøsokdalen. Bjørnen måtte sjølvsagt bestigast av den yngre garde.
Gjekk oss også på ein hjort som bykste oppover med raske steg,flott >>>