Favourite trips
Favourite peaks
Bakkehammaren og Hillehornet
- Date:
- 12.07.2019
- Distance:
- 3.0km
Kveldsrunda over Bakkehammaren og til Hillehornet. Med på runda var Ørjan,Gunn C og Ole J.
Kald nordavind i kveld.
Dagens augneblink var spenstige hopp av Ørjan på Hillesteinen.
Storetua- runde rundt Sæsvatnet
- Date:
- 11.07.2019
- Distance:
- 7.9km
Kveldstur saman med Ole J til Storetua.
Starta frå Holtane. Dei flotte vardane på toppryggen til Storetua er alltid verdt å sjå. Burde vore på verdsarvlista, i alle fall er dei staslege kulturminner.
Gjekk runda rundt Sæsvatnet nedatt og var innom Sæshorn og Årekinna. Ikkje så lett å finne råsa på den ruta, så det er nok lite besøkte toppar.
Vasshornet
- Date:
- 09.07.2019
Kjempefin kveldstur frå Rødskar med Ole J & Gunn C.
Merka stien litt betre, for 3 år på rad med dei små merkepinnane vi laga på skulen.
Råsa opp er 3km, ein lang og slak tur som "sluker" mange pinnar. Stien held på å gro att mange stadar. Starten frå Rødskar er også litt kronglete etter start-skiltet. Følgjer elva eit lite stykke på kanten av jordet, ca 200 m, gjennom høgt gras før ein kryssar elva.
Manglar m.a å merke og rydde skikkelig på eit parti frå elva -etter 1 km- vidare langs kanten over ei myr, slik ein treff rette oppgangen og til råsa som følgjer ryggen på sørvest sida.
Etter dette skal det no vere greitt å følgje stien både opp og ned.
Utiksikta frå toppen er flott og vidstrakt. Verdt få med seg, er å gå frå varden til kanten mot sør >>>