Grøthornet (02.07.2025)
Besteigungen | Grøthornet (916m) | 02.07.2025 12:20 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Barstadsætra parkering (190m) | 02.07.2025 10:36 |
I serien Grøthornet #11/20 . Dette Grøthornet ligg bak Klovetinden og rett opp frå Klovevatnet. Der ligg det litt for seg sjølv, nesten som om det glapp ut av hendene til VårHerre i det fjella skulle bli plasserte. Ikkje så mange som legg turen hit, og sjølve toppen kjem ein til ved å følge ryggen i ura opp.
Ørjan og eg starta i frå Barstadsætra. Fint å gå på god sti opp til Klovvatnet før det barst vidare opp i skodda. På toppen tok nokre ryper i mot oss då vi kom opp og ein slik velkomst er vel noko alle har drøymt om...
Skodda tok seg nokre pauser innimellom og det var ei utrulig effekt då nabofjella brått dukka opp ut av skoddeheimen.
Benutzerkommentare
Grøthornet
Geschrieben von josokbakke 02.07.2025 20:05Fin graut og glad grautjeger! :)