Storetua og Røddalshornet (16.08.2019)


Duration 2h 47min
Distance 6.4km
Vertical meters 526m
GPS
Ascents Storetua Austvarden (580m) 16.08.2019 20:19
Røddalshorn (563m) 16.08.2019 21:21

Dette er ei kjekk rute å gå. Parkerte 1 bil med p-plass Røddalshornet på Leikongsetra og køyrde så til Holtrane i Gursken. Turen opp til Storetua var litt våt med småregn og vi var vikingar som gjekk, synes vi sjølve.
Råsa frå Storetua til Røddalshornet er ikkje så lett synleg lenger og treng merking og fotefar slik at den vert litt enklare. Opp frå Svinevatnet gjekk vi nærmast kanten mot nord . Der er eit lite parti som det er bratt utføre, og ein må vere litt påpasseleg dersom ein har med små barn. Kan sikkert gå ein overgang ovanfor toppen.
Stussa også, sikkert som sit gong, kvar som er lettast å gå siste stykket bort til toppen Røddalshorn. Vi traff på ein hare på vår veg og det er eit litt sjeldan syn på våre kantar.
Regnbygene ga seg og fornøgde kom vi til bilen før det vart skikkeleg mørkt. Med på tur var Herman, Ørjan og Gunn C

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.