Røddalshornet OPP (23.09.2017)


Map
Ascents Røddalshorn (563m) 23.09.2017

Søndag 17.09.17 var vi med arrangere Gurskøy IL sitt motbakkeløp Røddalshornet Opp. Familien var med i trimklassa: Pust & pes. Eg var tidtakar og bar saft og vatn til toppen. Det var pust og pes det også.
Konkurranseklassa: Peis På vart vunne av Are Uran og Oline Kleppe. Are Uran slo sin eigen løyperekord.
Starten på løpet gjekk i frå Lysløypa på Leikongsætra.
Ved andre høve kan ein parkere på p-plass rett ved starten på stien. Så er det å følge sti opp bratta. Her var det eit skitrekk på 70-80talet for dei som hugsar det. Toppen av bratta er ein luretopp. Så følgjer ein slakare rygg siste dei 300 meterane.
Sjølv om ein får ein ganske tung stigning i starten, så er det ein fin tur for familier. Men litt pust&pes er det altså.
Råsa går vidare til Storetua og kan anbefalast. Ein annan variant er kombinasjonen med rundtur Storetua, Simavatnet og Skaret og så til Leikongsætra.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.