Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Midsundtrappene, Rørsethornet, Molde 659moh
- Date:
- 15.07.2021
2212 trappetrinn, ikkje at verken eg eller Elin telde dei... Det blåste ganske mykje, men ikkje verre enn at vi kunne gå turen, sidan det var fin temperatur. Vi måtte likevel holde oss fast eit par gongar. Vi gjekk vidare opp på Rørsethornet. Fin utsikt utover havet og toppane rundt.
Innerdalstårnet, Sunndal 1452moh
- Date:
- 13.07.2021
Eg og Elin gjekk inn vegen frå Dalen til Innerdalshytta, der vi overnatta. Neste dag byrja vi på turen opp til Storvatnet, og vidare opp renna i varmt sommarver. (Natta etterpå regna det, og om morgonen låg tåka heilt ned til hytta...) I skaret sette vi frå oss sekkane og gjekk i gong med klatring/klyving opp til toppen. Elin stoppa ca 50m frå toppen.
På veg ned att var det greit å ha hjelp frå eit par karar, som kunne støtte foten... Ikkje alltid greit med litt korte bein... Men: kom oss ned att uten store problem. Vi avslutta turen med bading i elva og dusjing ute.. :) Dagen etter gjekk vi ned att dalen.
Ein nydeleg dag, flott tur, spektakulær utsikt og kjekt å endeleg nå denne toppen :)
Ingarsfjellet - Strupen, Gloppen, 592moh
- Date:
- 10.07.2021
"Familietur" i Myklebustdalen, 9 stk. Vi gjekk opp skogsvegen i beitet (like etter starten på bakken, bilvegen). Etterkvart gjekk skogsvegen over i merka sti. Stien gjekk ganske så bratt oppover, deretter utover, under ei rekkje med stup. Vi kom opp under 2.fossen på Strupen. Flott tur med nydeleg utsikt :)
Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh
- Date:
- 08.07.2021
Eg og mamsa gjekk opp og ned "Kjerringeråså" frå Skihytta til Støyvastøylen.
Blåfjell - Trongedalsnipa, Stad, 951 moh
- Date:
- 01.07.2021
Lang og varm rundtur i Stårheimsdalen, med Katrine FA, Inger G og Hansen... Turen opp gjekk vi via Indre Fannstøylen, over myrane og opp stien til krysset, der vi tok stien ut mot Blåfjellet. Eg gjekk då litt feil, og følgde sti over elva... Dette resulterte i at vi gjekk rett opp lia, på lyng/mose, i steikjande sol (vi skulle gått på høgre sida av elva, då hadde vi kanskje hatt sti heilt opp). Konklusjonen vart då at vi i alle fall fekk bra trim ;) Vidare gjekk vi bortover sti og ned til enden av Løysingevatna og opp på Trongedalsnipa. Ned att gjekk vi via Kvituregga, på sti inne i mellom. Nede i skogen kom vi oss ned til til slutt, der vi kom på stien frå Løysingevatna, bort til Indre Fannstøylen. Sidan vi hadde ein T-turpost på Ytre Fannstøylen, gjekk vi då over elva, >>>
Felden, Volda, 1272 moh
- Date:
- 27.06.2021
Fellestur med MNT til Felden. Vi gjekk frå Laurdalen (opp frå Bjørkedalen). Sti i starten, pluss opp ura mot toppen. 14 stk i turfølgjet, + ein som møtte oss på vegen (frå Kjenndalen). Fin temperatur og flott utsikt :) Ein flott tur! På toppen sikta vi litt med sikteskiva.
Kvanndalsvarden - Eggene, Gloppen, 974 moh
- Date:
- 25.06.2021
T-tur med mamsa, i tåkeheimen. Skulle eigentleg til Hyen, men tok heller ein kjend tur pga tåka... Vi gjekk frå Austrheimstøylen og opp Kvanndalen. Det var merka sti heile vegen, men av og til måtte vi "leite" for å sjå merka... Difor gjekk vi heller ikkje lenger - hadde tenkt oss på Svarthammaren.
Keipen, Volda 943 moh
- Date:
- 22.06.2021
Endå ein strålande dag i fjellet. Denne gongen over fylkesgrensa, til Keipen, med Mariann. Tydeleg sti frå Heida og heilt opp, sjølv om det berre er halve vegen opp som står på kartet...
Ossætra, Eid, 422 moh
- Date:
- 09.06.2021
Tok meg ein tur opp på Ossætra, etter å ha vore halv dag med 10.klasse i Osvika.
St. Synnevahornet, Vågsøy 689moh
- Date:
- 06.06.2021
Eg var guide på Synnevahornet med 6 stk. Dette var ein av dei få dagane med tåke, så utsikta var svært dårleg... Kjedeleg for 5 av dei andre, som ikkje hadde vore der før. Men fin tur, likevel. Det var kjekt med dei store vardane, siste delen opp. På veg ned att letta det såpass at vi såg vatna..