Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Varden, Breim 869 moh
- Date:
- 20.02.2018
Skitur på Varden med mamsa, denne gongen rett opp/ned frå Varden: Vi måtte jo rekke OL - sendinga...
Støyvastøylen, Breim, 840 moh
- Date:
- 19.02.2018
Skitur i nydeleg ver, frå Svoda til Støyvastøylen med mamsa. Hadde eigentleg tenkt oss i Botnen, men løypa var såpass igjensnødd at mamsa ikkje ville renne nedover... Så då snudde vi og tok ein ny tur på andre sida av vegen etterpå... :)
Snøfjellet, Breim 1006 moh
- Date:
- 19.02.2018
Ny skitur med mamsa. Vi gjekk løypa rett opp til Varden og vidare på Snøfjellet, via Flølostøylen tilbake.
Fossane - Harpen, Eid, 630 moh
- Date:
- 13.01.2018
Trugetur over til nabodalen Harpefossen med Anne Tove. Vi bar stort sett trugene opp til Fossane pga litt smalt spor. Varierande føre: hardt og mjukt underlag... Men: herleg dag :)
Fossane, Eid, 630 moh
- Date:
- 27.12.2017
Tur opp i sola med Anne Tove. Første gong opp på Fossane i vinter. Tungt å gå i dag, pga forkjøling, men kom opp til slutt...
Alsakersætra, Eid
- Date:
- 19.11.2017
Eg og Anne Tove traska oss oppover til Alsakersætra i dag. Det gjekk fint i starten, men så blei det meir og meir snø. På slutten var det ikkje lenger spor å gå i, og snøen rakk oss opp på låret. Høge kneløft i fint vinterver...
Keipen, Volda, 944 moh
- Date:
- 01.10.2017
Første gong som turleiar - takk til Katrine, som var einaste deltakar..! Men vi fekk no ein fin tur, sjølv om det bles og kom eit par regndråpar.
Bladet, Mohns Topp, 1340 moh
- Date:
- 24.09.2017
- Distance:
- 7.3km
Peakbooktreff i Sæbø. Vi var heldige og fekk plass på tur søndagen og, til Molladalen. Vi gjekk opp og ned stien frå parkeringa i enden av vegen ved Barstadsætra. Det var strålande sol heile vegen opp. Vi gjekk opp Mohnsrenna, der vi måtte på med hjelmane pga. rasfare (stein). Då vi kom opp til Bladet, var det ganske lang ventetid, så 4 av oss i følget gjekk på Mohns Topp medan vi venta. Der var det litt luftig! 500fjell var turleiar - han gjorde ein god jobb!
Eg prøvde klatring og rappellering for første gong - spennande!! Er ganske stolt av at eg kom med heilt opp på toppen, sjølv om det var ganske vanskeleg då det nærma seg toppen.
Saksa, Ørsta, 1073 moh
- Date:
- 23.09.2017
- Distance:
- 6.2km
Peakbooktreff i Sæbø. Jentetur på Saksa, med 4 andre spreke damer :) Nydeleg ver og jamt, fint tempo. Vi fekk med oss begge toppane (alle 3), så det var eg godt nøgd med! Vi gjekk opp/ned hovudstien og trappene frå Urke. Med Jeanett, Cathrine, Ann Cecilie og Hilde.