Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Ytre - Øvre - Indre Åsane, Eid 420 moh
- Date:
- 22.03.2022
Skulle sjekke stien frå Øvre Åsane og innover,men då eg kom opp dit, var det mykje snø å vade i... Eg gjekk difor ned på Indre Åsane og utatt til Lotsberg. Veldig fint lys ute.
Snøfjellet Breim, 1006 moh
- Date:
- 20.03.2022
Nydeleg sol og fint føre. Gjekk på smale ski med småfellar. Vi gjekk opp løypa rett på varden, der Mamsa snudde (ho gjekk på føtene) og gjekk tilbake rundløypa, medan eg gjekk vidare til Snøfjellet og rundløypa tilbake. Mykje snø, men avblåst på toppane. Traff Rudolfine og gjengen..
Fladalen - Movatnet Eid 422 moh
- Date:
- 09.03.2022
Skidag i Fladalen/Tua med 8-trinn. Skitur først, då vi gjekk innover dalen. Eg og nokre til gjekk inn til Movatnet. Etterpå var det leik og sosialt på Tua.
Utsikten, Eid 260 moh
- Date:
- 06.02.2022
Fin tur, sjølv om det var ein del snø. Det var trakka eit spor, så det gjekk greit. Eg og Line gjekk opp/ned Hogaåsen. Med nysnø i trea, vart det reine vinteridyllen.
Skei...
- Date:
- 28.01.2022
Planen var dagsturhytta på Skei. Pga. snø og manglande spor siste delen, hadde eg ikkje tid til å gå opp den siste bakken til hytta. Ikkje så mykje snø i starten, og ok spor, men etter kvart vada eg med snø til over knea oppover bakkane... Men eg måtte ned til hotellet for å rekke eit møte, så det var berre å snu...
Lonevatnet, Breim 270 moh
- Date:
- 22.01.2022
Ny formiddagstur til Lonevtatnet med mamsa og Sissel, opp insteråsa og ned skogsvegen til meieriet.
Utsikten Eid, 260 moh
- Date:
- 31.12.2021
Gildra, Eid 275 moh
- Date:
- 29.12.2021
Ettermiddagstur på Gildra. Kjapp tur opp og ned frå parkeringsplassen på Rindane.
Lonevatnet, Breim 270 moh
- Date:
- 23.12.2021
Formiddagstur med mamsa og tante Sissel. Vi gjekk opp insteråsa og nedatt skogsvegen frå Lonevatnet.