Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Askevika, Ålfoten/Bremanger,
- Date:
- 17.03.2024
Rekognisering for gålagstur, med Elin. Bra merka og fin sti, lett og tørt terreng og opphaldsver. Mange snakka om at dei hadde vore der, med båt. Kult landskap undervegs, med bratte stup.
Rystestøylen, Vågsøy, 355 moh
- Date:
- 10.03.2024
Siste tur med leiing på turleiarkurset. Denne gongen på andre sida i høve Børahornet, Raudeberg. Turen starta ovanfor Kapellneset. Tydeleg og god sti, fin stigning, her og. Denne dagen vart eg utfordra av ein av deltakarane på å "fake" ein skade, så då lata eg som om eg snubla og skada ankelen... Heldigvis ikkje ekte. Endå ein fin dag. Eit innhaldsrikt og kjekt kurs - er no offisiell nærturleiar.
Børahornet, Vågsøy, 407 moh
- Date:
- 09.03.2024
Turleiarkurs Vågsøy. Første turen vi skulle leie, var opp til Brurahornet. Eg og ein til leia gjengen oppover. Kursleiarane la inn diverse problem undervegs, som skada alboge... Lett og fin tur, på god sti. Nydeleg ver, så vi fekk nyte utsikta!
Skongenes fyr, Vågsøy, 15 moh
- Date:
- 09.03.2024
Turleiarkurs, med overnatting på Skongenes Fyr. Turen starta oppe frå vegen, parkering. Flott solnedgang! Nokre av deltakarane leia gruppa utover, andre tilbake dagen etter. Vi gjekk ei alternativ rute/sti tilbake, gjennom skogen, slik at vi kom på andre sida av Forklevatnet.
Litleflåna, Eid, 623 moh
- Date:
- 22.02.2024
Trugetur innover Fladalen frå Tua. Hadde tenkt å gå på ski opp Langevassbakken og truger derifrå, men føret var betre for truger... Det vart litt langt å labbe, men heilt ok. Vi følgde ryggen opp frå toppen av Langevassbakken. Ikkje vore der før, er visst sti om sommaren. Eg og Elin skulle rekognisere + sjekke ut T-tur Eid.