Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Alsakersætra, Stad, 420 moh

Date:
09.06.2023

Ny tur med elevar, denne gongen med 2.halva av 9.trinnet... Varmt og fint, så fleire nytta høvet til å bade i elva. Nokre av oss gjekk ned stien, i skogen, til Gildra naturmøteplass, medan andre blei att på sætra. Same rute opp/ned att. Møtte på hoggorm på skogsvegen tilbake..

Bjørnevatnet - Bjørnavasseten, Stad, 795 moh

Date:
08.06.2023

Denne gongen var det 12 stk som var med gålaget på tur. Fint ver, men noko vind, særleg på toppen. Vi gjekk opp til Bjørnevatnet og vidare opp på venstre kanten, der det var sti oppover. Vi gjekk uten sti på slutten, opp på Bjørnavasseten. Frå kanten var det fin utsikt ned til Bjørnevatnet, og frå toppen av Bjørnavasseten til fjella rundt oss..

Map    

Bjørnevatnet, Stad, 433 moh

Date:
04.06.2023

Tok ein tur over Stigedalen, for å sjekke ut ny turlagstur. Parkerte i oppkøyrsla til skogsvegen, ved Åreflotvatnet (på veg ned Stigedalsvegen). Gjekk først på skogsveg, deretter på sti opp til Bjørnevatnet. Varmt og godt, og kort tur opp til det idylliske fjellvatnet. Dette er og ein av T-turane til MNT for Eid 2023.

Map    

Alsakersætra, Stad, 420 moh

Date:
02.06.2023

Tur med halve 9.trinnet. Fint ver, men litt kald vind på sætra... Kjekt å få betalt for å gå på skogstur :) Vi gjekk frå skulen, opp Hogeåsen, bort Hogeråsa til gapahuken, vidare bort og ned skogsvegen og opp til Alsakersætra. Nokre for vidare ned på Gildra, medan andre blei att på sætra. Same veg tilbake.

Map    

Branden, Stad, 708 moh

Date:
01.06.2023

Gålaget på tur til Branden, 17 stk. Vi gjekk opp/ne skogsvegen frå Årskogvikja. På veg ned att var vi bortom gapahuken. Endå ein fin tur med gålaget, i bra ver, og med utsikt til Gloppen :)

Map    

Lynghaughornet- Håkonshallen, Stad,

Date:
24.05.2023

Stad gålag, 4 stk, på tur på Flatraket. Vi starta frå parkeringa ved byggefeltet og opp sti til Lynghaughornet (Lyngahornet/Mehaugen). Det var fint ver då vi starta, så regn, hagl og vind, så vart det fint att... Godt merka sti opp og vidare ned/bort/opp til Håkonshallen, ein ruin frå krigens dagar, som liknar på Håkonsheallen i Bergen... Nedatt gjekk vi på sti ned ein dal (langs Storehaugen), til vi kom ned på vegen som går innover Flatraksdalen. Vi gjekk på vegen ned att til parkeringa. Fin tur med svært varierande ver!

Map    

Flistrahornet, Stad, 637 moh

Date:
18.05.2023

Eg og Elin hadde oss ei ny runde for å sjekke ut tur til gålaget. Då vi kom til Flistra (Øyra), såg vi fort at denne turen ville bli for lang som gålagstur (kveldstur), men vi gjekk sjølvsagt turen. Det bles kraftig på toppen, så vi droppa å gå ned på utsiktspunktet, men snudde ved varden på høgaste punktet... På veg ned att, sklei Elin, så ho trakka over. Heldigvis hadde eg med stavar, så ho kom seg greitt ned att. Men foten var ikkje god ei tid framover etterpå... Vi køyrde litt rundt i området før turen, og kom fram til kvar vi skulle ta gålagsturen veka etterpå: Lynghaughornet.

Map    

Eurekavatnet, Vanylven, 550 moh

Date:
03.05.2023

22 stk på tur med Stad gålag, denne gongen i nabofylket, til Eurekavatnet. Vi gjekk på skogsveg frå Olivinfeltet på Grofsa opp til Helgehornsvatnet og langsmed vatnet til naturvernreservatet. Sidan vi hadde med oss biolog på turen, fekk vi forklaring og namn på ein del bergartar. Nokre stader glitra det vakkert i berget! Vi forsette på andre sida av vatnet, til Eurekavatnet, eit lite vatn mellom Huldrehamrane. Litt snø på turen, men ingen problem med berre sko. Fleire av oss plukka med oss småsteinar frå det lille feltet like ved parkeringa (ikkje naturvernfeltet!)

Map    

Trivselsskogen, Gloppen

Date:
27.04.2023

Stad gålag på tur i Trivselsskogen, Sandane. 11 stk. Vi gjekk opp trappene til Fosseteateret, litt ned att og bort stien i skogen til Utsikten. Ned att trappene forbi Draumekvila (dagsturhytta), ned i kjærleikskogen og bort til TIN-campen (Trygg I Naturen). Det regna så vidt littegrann ved dagsturhytta, men då kunne vi jo stå under tak..! Mange lot seg imponere over dei flotte figurane vi møtte på turen.

Map    

Libbermannen, Stad

Date:
20.04.2023

Stad gålag. Vi parkerte ved Skorbøen, og gjekk på sti forbi garden Årdal og ut til Libbermannen. 25 stk deltok! Flott tur i fint ver. Libbermannen er ein artig steinformasjon, som ser ut som eit fjes i profil. Stoppa på stranda, for å ta bilete av den nydelege solnedgangen!