Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Trollstigen - Bispevatnet, skaret ca1100 moh

Datum:
27.07.2021

Vi parkerte ved hytta på Trollstigen, og gjekk stien oppover forbi Bispevatnet og opp til skaret mellom Bispen og Kongen. Sidan det var litt klyving opp til Bispen, og vi ikkje var sikre på korleis det var der, valde vi å snu i skaret. Fin tur, likevel, med retur på andre sida av elva ned att. Så kryssa vi vegen og gjekk opp og bort til der vi såg ned på utsiktspunktet. Der var det sti ned. Fin "kviledag" mellom dei to langturane :)

Karte    

Lauparen, Ålesund 1434 moh

Datum:
26.07.2021

Eg, Elin og Anne Tove gjekk frå parkeringa ved Grytalisætra, forbi Grytavatnet, opp Trongbotnen og vidare opp til Lauparen. Skikkeleg varmt denne dagen og. Ikkje nåke å seie på utsikta, for å seie det slik... På returen bada vi i Grytevatnet. Lang og flott tur, på ca 15km.

Karte    

Naustdalskamben, Eid, 493 moh

Datum:
21.07.2021

Konsert på Naustdalskamben i høve Malakoff 2021. Saman med Anne Tove, Thea og Fia (+ 400 andre...) Vi gjekk opp/ned frå Reset. Flott tiltak, med konsert av Sigrid Moldestad med musikarar. Herleg dag!

Karte    

Varden, Molde 444 moh

Datum:
16.07.2021

Vi måtte ha ein kjapp tur ovanfor Molde, før vi reiste heim att. Lett rundtur på toppane ved Varden. Men for ei utsikt mot fjellrekkja på andre sida av Moldefjorden :)

Karte    

Midsundtrappene, Rørsethornet, Molde 659moh

Datum:
15.07.2021

2212 trappetrinn, ikkje at verken eg eller Elin telde dei... Det blåste ganske mykje, men ikkje verre enn at vi kunne gå turen, sidan det var fin temperatur. Vi måtte likevel holde oss fast eit par gongar. Vi gjekk vidare opp på Rørsethornet. Fin utsikt utover havet og toppane rundt.

Karte    

Innerdalstårnet, Sunndal 1452moh

Datum:
13.07.2021

Eg og Elin gjekk inn vegen frå Dalen til Innerdalshytta, der vi overnatta. Neste dag byrja vi på turen opp til Storvatnet, og vidare opp renna i varmt sommarver. (Natta etterpå regna det, og om morgonen låg tåka heilt ned til hytta...) I skaret sette vi frå oss sekkane og gjekk i gong med klatring/klyving opp til toppen. Elin stoppa ca 50m frå toppen. På veg ned att var det greit å ha hjelp frå eit par karar, som kunne støtte foten... Ikkje alltid greit med litt korte bein... Men: kom oss ned att uten store problem. Vi avslutta turen med bading i elva og dusjing ute.. :) Dagen etter gjekk vi ned att dalen. Ein nydeleg dag, flott tur, spektakulær utsikt og kjekt å endeleg nå denne toppen :)

Karte    

Ingarsfjellet - Strupen, Gloppen, 592moh

Datum:
10.07.2021

"Familietur" i Myklebustdalen, 9 stk. Vi gjekk opp skogsvegen i beitet (like etter starten på bakken, bilvegen). Etterkvart gjekk skogsvegen over i merka sti. Stien gjekk ganske så bratt oppover, deretter utover, under ei rekkje med stup. Vi kom opp under 2.fossen på Strupen. Flott tur med nydeleg utsikt :)

Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh

Datum:
08.07.2021

Eg og mamsa gjekk opp og ned "Kjerringeråså" frå Skihytta til Støyvastøylen.

Karte    

Blåfjell - Trongedalsnipa, Stad, 951 moh

Datum:
01.07.2021

Lang og varm rundtur i Stårheimsdalen, med Katrine FA, Inger G og Hansen... Turen opp gjekk vi via Indre Fannstøylen, over myrane og opp stien til krysset, der vi tok stien ut mot Blåfjellet. Eg gjekk då litt feil, og følgde sti over elva... Dette resulterte i at vi gjekk rett opp lia, på lyng/mose, i steikjande sol (vi skulle gått på høgre sida av elva, då hadde vi kanskje hatt sti heilt opp). Konklusjonen vart då at vi i alle fall fekk bra trim ;) Vidare gjekk vi bortover sti og ned til enden av Løysingevatna og opp på Trongedalsnipa. Ned att gjekk vi via Kvituregga, på sti inne i mellom. Nede i skogen kom vi oss ned til til slutt, der vi kom på stien frå Løysingevatna, bort til Indre Fannstøylen. Sidan vi hadde ein T-turpost på Ytre Fannstøylen, gjekk vi då over elva, >>>

Karte    

Felden, Volda, 1272 moh

Datum:
27.06.2021

Fellestur med MNT til Felden. Vi gjekk frå Laurdalen (opp frå Bjørkedalen). Sti i starten, pluss opp ura mot toppen. 14 stk i turfølgjet, + ein som møtte oss på vegen (frå Kjenndalen). Fin temperatur og flott utsikt :) Ein flott tur! På toppen sikta vi litt med sikteskiva.

Karte