Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Fossane, Eid, 630 moh

Date:
27.12.2017

Tur opp i sola med Anne Tove. Første gong opp på Fossane i vinter. Tungt å gå i dag, pga forkjøling, men kom opp til slutt...

Map    

Alsakersætra, Eid

Date:
19.11.2017

Eg og Anne Tove traska oss oppover til Alsakersætra i dag. Det gjekk fint i starten, men så blei det meir og meir snø. På slutten var det ikkje lenger spor å gå i, og snøen rakk oss opp på låret. Høge kneløft i fint vinterver...

Keipen, Volda, 944 moh

Date:
01.10.2017

Første gong som turleiar - takk til Katrine, som var einaste deltakar..! Men vi fekk no ein fin tur, sjølv om det bles og kom eit par regndråpar.

Map    

Rindehornet, Eid, 637 moh

Date:
29.09.2017
Map    

Bladet, Mohns Topp, 1340 moh

Date:
24.09.2017
Distance:
7.3km

Peakbooktreff i Sæbø. Vi var heldige og fekk plass på tur søndagen og, til Molladalen. Vi gjekk opp og ned stien frå parkeringa i enden av vegen ved Barstadsætra. Det var strålande sol heile vegen opp. Vi gjekk opp Mohnsrenna, der vi måtte på med hjelmane pga. rasfare (stein). Då vi kom opp til Bladet, var det ganske lang ventetid, så 4 av oss i følget gjekk på Mohns Topp medan vi venta. Der var det litt luftig! 500fjell var turleiar - han gjorde ein god jobb! Eg prøvde klatring og rappellering for første gong - spennande!! Er ganske stolt av at eg kom med heilt opp på toppen, sjølv om det var ganske vanskeleg då det nærma seg toppen.

Map    

Saksa, Ørsta, 1073 moh

Date:
23.09.2017
Distance:
6.2km

Peakbooktreff i Sæbø. Jentetur på Saksa, med 4 andre spreke damer :) Nydeleg ver og jamt, fint tempo. Vi fekk med oss begge toppane (alle 3), så det var eg godt nøgd med! Vi gjekk opp/ned hovudstien og trappene frå Urke. Med Jeanett, Cathrine, Ann Cecilie og Hilde.

Map    

Slogen, Ørsta, 1564 moh

Date:
22.09.2017

Peakbooktreff på Sæbø. Fint turver og tempo - få pausar, men heller jamt tempo. Vi var 10 stk i følget og gjekk opp og ned frå parkeringa på Øye. Ingen problem opp, men nedturen i skogen kunne godt vore halvparten så lang...

Map    

Keipen i Bjørkedalen, Volda, 944 moh

Date:
13.09.2017

Rekognoseringstur til Keipen med Konrad. Eg måtte gå turen no, sidan eg skal vere guide dit i oktober... Vi betalte bompengar for å kunne parkere ved Lisjevatnet. Fin sti, men nåke vått.

Map    

Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh

Date:
09.09.2017

Trimtur med mamsa, opp og ned trappene til Støyvastøylen. No er visst hausten komen...

Map