Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Lotsbergnibba, Eid 890 moh
- Date:
- 06.08.2021
Siste T-turen til Eid 2021. Eg og Anne Tove gjekk stien opp/ned frå Lotsbergstøylen. Tørt og fint å gå, og nydeleg utsikt ut/inn fjorden :)
Rantane, Gloppen
- Date:
- 04.08.2021
T-tur Gloppen 2021: Eg og mamsa gjekk opp/ned frå Dalen. Godt merka sti opp til varden, der vi såg ned på Gjengedalsstøylen og vatnet der.
Fløtravarden, Gloppen, 869 moh
- Date:
- 03.08.2021
Eg og mamsa gjekk denne gongen opp/ned frå Steffastøylen til Varden.
Klovane, Stryn 982 moh
- Date:
- 01.08.2021
Oldedalen - vi byrja turen frå Oldedalen camping. Godt merka sti opp bakkane. Første delen gjekk vi i skog, men med nokre glimt av utsikta undervegs. Nokre få klyv, men det var lagt ut kjetting eit par stader, så det var heilt uproblematisk. Herleg utsikt frå toppen og ned i vatna, som hadde ein heilt "unaturleg" grønfarge :) Eg og Anne Tove bada i Oldevatnet etterpå!
Lisjeblæja - (Store-) Blæja, Vanylven 1143 moh
- Date:
- 30.07.2021
Vi var ca 20 stk i følget, m.a. Elin, Anne Tove og Jeanett. Vi parkerte på Londgjerda/Liserøfsdalen. Derfrå var det slakk stigning inn til Røfsdalsvatnet. Der var det ei bra stigning, så opp forbi Jolsvatnet og Raudesteinen og vidare opp på Lisjeblæja. Vi gjekk bort egga og opp på (Store-) Blæja. Litt tåke på toppen, men vi fekk sett mesteparten av den flotte utsikta :) Ein ny varm og fin tur! Retur ned bratt grasbakke, mellom to renner. Toppen er ein av toppane på sikteskiva på Haugsvarden.
Romsdalseggen, Rauma 1216 moh
- Date:
- 28.07.2021
Turen starta på Venjedalssætra (buss dit frå Åndalsnes). Første delen av turen gjekk opp mange trappetrinn. Då vi kom over skogen, opna landskapet seg meir opp, og vi såg fjellrekka bortover. Så byrja vi oppover, på svingete sti til starten på sjølve Romsdalseggen. Høgt utføre på eine sida, men ikkje på den andre, så det gjekk greitt å gå. Nokre stader var det hengt opp kjettingar, som var fine å halde seg i. Spennande og kjekk tur! Etter pause på Eggen kafe byrja vi nedstiginga på trapper, trapper og trapper, deretter sti med ein del røter... Sidan det var laang kø ved Rampestreken, droppa vi å stoppe for bildetaking der..
Trollstigen - Bispevatnet, skaret ca1100 moh
- Date:
- 27.07.2021
Vi parkerte ved hytta på Trollstigen, og gjekk stien oppover forbi Bispevatnet og opp til skaret mellom Bispen og Kongen. Sidan det var litt klyving opp til Bispen, og vi ikkje var sikre på korleis det var der, valde vi å snu i skaret. Fin tur, likevel, med retur på andre sida av elva ned att. Så kryssa vi vegen og gjekk opp og bort til der vi såg ned på utsiktspunktet. Der var det sti ned. Fin "kviledag" mellom dei to langturane :)
Lauparen, Ålesund 1434 moh
- Date:
- 26.07.2021
Eg, Elin og Anne Tove gjekk frå parkeringa ved Grytalisætra, forbi Grytavatnet, opp Trongbotnen og vidare opp til Lauparen. Skikkeleg varmt denne dagen og. Ikkje nåke å seie på utsikta, for å seie det slik... På returen bada vi i Grytevatnet. Lang og flott tur, på ca 15km.
Naustdalskamben, Eid, 493 moh
- Date:
- 21.07.2021
Konsert på Naustdalskamben i høve Malakoff 2021. Saman med Anne Tove, Thea og Fia (+ 400 andre...) Vi gjekk opp/ned frå Reset. Flott tiltak, med konsert av Sigrid Moldestad med musikarar. Herleg dag!
Varden, Molde 444 moh
- Date:
- 16.07.2021
Vi måtte ha ein kjapp tur ovanfor Molde, før vi reiste heim att. Lett rundtur på toppane ved Varden. Men for ei utsikt mot fjellrekkja på andre sida av Moldefjorden :)