Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Askevika

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
2.6km
Map    

Mosehaugane- Kvanndalsvatnet - Fura, 753 moh

Date:
19.11.2023

Ny rute til gålaget. Vi har planer om å gå halvparten av oss frå Hornindalsvatnet/Skrede og halvparten frå Hopland. Vi måtte difor sjekke ut om stien på kartet var tydeleg å følge frå Fura til Hopland. Vi gjekk i dag frå Hopland, frå parkeringa ved Innitunstøylen. Der var tydeleg sti heilt ned til Kvanndalsvatnet. Det var ein god del is, særleg på myrane, men vi kom oss trygt fram. Mellom Kvanndalsvatnet og Fura var der ikkje tydeleg sti, men ingen problem med å finne fram, pga. elva. Tilbake fann vi stien på andre sida av elva, og kunne gå på denne eit stykke oppover. På tilbakeveen hadde vi ein liten avstikkar opp på Mosehaugane, der det var flott utsikt i fleire retningar!

Map    

Lagmannen (Blåfjell), Stad, 650 moh

Date:
16.11.2023

Ny T-tur for 2024. Vi gjekk frå Heggjavatnet og opp ryggen (Lagmannen) til varden. På varden står der skilt Blåfjell, men på kartet er Blåfjellet toppen lenger oppe... Vi kom akkurat ned att før det vart for mørkt..

Dua, Vanylven, 794 moh

Date:
11.11.2023

Ny utsjekking av turar til neste år. Denne dagen gjekk vi frå Rabbane (Ervik). Der var det fin sti i lett terreng bortover til Mosehaugane og Fossane, opp til Ledvatnet. Vidare var der sti opp på Dueegga og bort til Dua. Vi gjekk annan veg ned: ned til Duevatnet og på sti tilbake til Fossane. Nydeleg haustdag.

Map    

Åsnesnakken, Stad, 197 moh

Date:
08.11.2023

Ny T-tur for 2024 og korttur for gålaget neste år. Vi parkerte ved riksvegen, og kryssa den. Stien gjekk forbi fleire nedlagde bygningar, m.a. garden Bergheim. Pga. mykje lauv, var det ikkje alltid like enkelt å følge stien, for der var stadig småstiar oppover. Det var likevel enkelt å finne fram, då toppen var like ved dei store mastene. Fin utsikt utover fjorden og Bryggja.

Fura, Stad

Date:
04.11.2023

Utsjekking av T-turar for 2024 og turar til gålaget. Vi gjekk frå parkeringa ved Hornindalsvatnet og opp ein skogsveg. Etter eit lite stykke gjekk der sti til høgre, merka Fura/Hopland. Stien var delvis merkt og tydeleg oppover.

Helgehornet, Volda, 626moh

Date:
04.11.2023

Fin rundtur, der vi gjekk frå skytefeltet og opp til høgre. Ned att gjekk vi motsett veg, slik at vi fekk utsikt mot fjorden på andre sida. Frå toppen kunne vi sjå ganske langt.

Map    

Sonjahytta, Stad, 747moh

Date:
03.11.2023

Rundtur, der vi parkerte nedanfor Utigardssætra. Vi gjekk opp til sætra og vidare stien opp på Sætrefjellet og opp til Sonjahytta. Nedatt gjekk vi forbi Innigardshytta og Innigardssætra og tilbake til Utigardssætra. Det var is nokre plassar, så det vart nokre blåkular etter eit fall der...

Map    

Holehornet, Kalvåg, 251 moh

Date:
29.10.2023

På veg heim frå fellesmøtet, tok vi turen om Novelandet, der vi hadde ein fin tur på Holehornet. Kort tur, men fin utsikt!

Map    

Flona, Kalvåg, 132 moh

Date:
28.10.2023

Fellesmøte DNT Sogn og Fjordane i Kalvåg. Vi hadde fin fellestur på laurdagen. Vi gjekk opp trappene til Varden og vidare til Flona. Vi passerte eit tjern, der vi såg nøkken.. Fin utsikt ned til Kalvåg og utover havet. Tilbake gjekk vi om Steinset og vegen tilbake til Kalvåg.

Map