Ben Nevis (nesten opp... 1230 moh), Skottland (09.08.2019)


Start point Ben Nevis Vis. Centre (36m)
Duration 3h 17min
Distance 5.5km
Vertical meters 1,139m
GPS

Trackingen fungerte delvis...
Vi starta i ok ver, men det byrja etterkvart å blåse opp, så regne ein del. Tydeleg sti oppover! Lett og fin trase. Då vi hadde kome eit lite stykke, kom det kraftig kastevindar. Vi fortsette likevel, sidan det var såpass greit å gå. Oppe i tåka vart vinden endå meir ekstrem, så då vi ikkje såg til neste varde (og det vart vanskeleg å stå oppreist), snudde vi ned att, ca 15 minutt frå toppunktet. Surt å måtte gje seg då, men vi fann det ikkje forsvarleg å halde fram... Etter at vi hadde gått nedover i ein times tid, betra veret seg, men då var det for seint å snu opp att.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.