Madonna..., til Rifugio Alimonta, Italia, 2591 moh (03.07.2018)


Langtur: 8 timar og 21,8 km i skiftande ver! Vi byrja i nydeleg ver på Passo Grosté og gjekk innom Refugio Tuckett (2277 moh), Refugio dei Brentei (2182 moh), Refugio Alimonto (2591 moh) og nedatt til Refugio dei Brentei. Vi fekk ei torebyge på veg ned att frå Alimonto. Variert terreng, med stein og fjell, skog og mange ulike typar plantar og blomster. Stien bukta seg bortetter fjellsida, nokre gongar langs ein fjellskrent eller gjennom ein tunell, andre gongar i ope landskap. Flott utsikt stort sett heile tida, men nokre gonger forsvann fjelltoppane i tåka...


Her var det vi gjekk Via Ferrata!

Tilbake gjekk vi eit stykke på same ruta, for deretter å ta ein sti ned til Refugio Casei. Litt nedanfor der, i skogen, kom det eit skikkeleg torever!! Vi skunda oss vidare ned til Refugio Vallesinella. Der fekk vi heldigvis ta bussen, så vi slapp unna siste timen i pissregnet..!

User comments

  • -
    avatar

    Så kjekt!

    Written by vreks 28.05.2019 21:22

    Eg har ikkje vore innom på lenge, kjekt å sjå turane frå Italia!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.