Dokka, Askvoll, 756 moh (05.06.2017)


Map
Ascents Dokka (756m) 05.06.2017

Hadde tenkt oss på Alden, men enda opp på Dokka i staden... Vi gjekk opp frå Ringstad og følgde ein traktorveg oppover eit stykke. Så gjekk vi over på sti og opp sherpa- trappene. Svært godt arbeid med å lage fine trapper oppover! Vi kom opp på Ringstadstøylen.
Stien var ok å følgje eit stykke, men etter kvart vart den utydeleg. Vi klarte å sjå nokre små vardar (stein lagt opp på ein anna stein) som vi gjekk etter. Lengst oppe var det litt tåkedottar, men ikkje verre enn at vi kom opp. På veg ned att letta veret igjen. Vi kunne sjå langt utover! Fin tur med mamsa :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.