Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (7)
- Kajakkpadling (7)
-
Annen vintertur (1)
- Trugetur (1)
- Fottur (99)
-
Skitur (29)
- Fjellskitur (8)
- Langrennstur (1)
- Randonnée/Telemark (20)
-
Sykkeltur (2)
- Blandet sykling (2)
Lister jeg samler etter
Liatårnet-Haganesfjellet
- Dato:
- 08.05.2022
- Distanse:
- 16,0km
Opptreningstur før 7-fjellsturen. Kremdelen av turen er frå Snuplassen på Haganes, rundt neset i sør og opp langs stupkantane til Haganesfjellet. Vidare tilbake til Liatårnet via Liaskjæret for ekstra høgdemeter. To klatrarar stod i veggen i klatrefeltet ved Tellnes. Flott tur i finevær. Dei våte felta ligg mest mellom Liatårnet og Tellnes, men i dag var det rimeleg tørt.
Frå litt nedanfor Liatårnet mot Tellnes.
Ørn ved Orrhøyen
- Dato:
- 09.01.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:15t
- Distanse:
- 3,0km
Gikk først på asfalt, så på dårlig sti etter parkering ved gamle Kiwi, no interiørbutikk. Følgde spor frå UT-appen til toppen, men tilbake tok vi ein svak sti retning bilen. Godt skotøy som tåler eit gjennomtråkk i vatn var veldig ok på denne turen. Ei ørn sirkla rundt oss på god avstand på tilbakevegen.
Fjellrekka Haganes-Bildøybakken
- Dato:
- 21.11.2021
- Distanse:
- 13,0km
Litt logistikk måtte til her. Kristin skyssa meg til snuplassen på Haganes og skulle plukke meg opp i Bildøybakken seinare. Turen gikk først eit lite stykke sørover langs svak sti frå snuplassen med ein del småklyving på stien rundt neset for å kome opp på denne markante og karakteristiske fjellformasjonen nordover, som også er eit ynda klatreeldorado. Klyvestien eg følgde er kanskje opparbeidd av klatrarar som ei alternativ rute. Den følger hyller og klyvepunkt, med spesielt eitt litt kinkig punkt der ein må vere forsiktig og finne et riktig fottak. Dette punktet dukker opp i det stien går ut av skogen og opp på første hylle, omkring 10-15 min etter turstart. Stien er forholdsvis grei å finne om ein er litt oppmerksom. Over skogen følger stien ganske konsekvent mot dei mest >>>