Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Neådalssnota

Dato:
13.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Flånebba frå Røset

Dato:
05.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Storsalen og Storsomrungnebba

Dato:
04.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Navardalsnebba

Dato:
03.08.2016
Turtype:
Fjelltur

Frå Eiriksvollen på sti opp lia, tok av innover Tverrådalen. Opp langs elva til Navardalen, opp på Navardalsnebba og heilt fram på toppen ut mot Innerdalen.

Kart    

Trondskjortetinden

Dato:
30.07.2016

Fulgte turiststien frå Øverås opp i Ljøsåbotnen og til vatnet på 945 moh. Tok av frå stien sørover inn i botnen til vatnet på 949 moh. Opp dalen/renna sørvestover mellom Fløtåtinden og Trondskjortetinden, til vi såg ned på Eikesdalsvatnet. Rett nordover langs ryggen, over ein fortopp, og opp på den høgaste toppen på Trondskjortetinden. Det var noko laus stein opp mot toppen. På turen nedatt, heldt vi høgda sørover i sida på Fløtåtinden, slik at vi runda botnen og kom ned i den frå aust. Så ned til vatnet på 949 og same vegen ned til Øverås.

Kart    

Skarfjellet

Dato:
27.07.2016
Turtype:
Fjelltur

Frå Innerdalshytta på sti opp lia til Giklingdalen. Over elva (Fluo?) ved utløpet frå Storvatnet . På tvers av ei vanskeleg og tung ur til pinaklane Jutulgubben og Kjerringi. Neste gong går eg ikkje denne vegen. Bratt, men artig opp på toppen derifrå.

Kart    

Snøfjellet

Dato:
25.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Innerdalstårnet, Tåga og Tverrådalen

Dato:
24.07.2016
Turtype:
Fjelltur

Start frå gammelhytta i Innerdalen, på turstien opp til Storvatnet i Giklingdalen. Normalvegen opp på Innerdalstårnet, ned til skaret og opp på Tårnfjellet. Langs eggen til Tåga (1840), litt sørover i retning Såtbakkollen (1632), ned til Navardalen, over til Tverrådalen, ned langs den gamle stien til Falesetra i Innerdalen. Litt vanskeleg å komme over elva i Innerdalen. Langs turiststien ned til Innerdalshytta igjen.

Kart    

Nordre Trolla

Dato:
23.07.2016
Turtype:
Fjelltur

Start frå Grønvatnet/Skorgvatnet 9:25. Eg gikk renna frå Kleiva i Grasdalen opp vestsida på Litjnebba, og var oppe ca. 12:15, vidare til Nordre Trolla ca. 15:20. Retur ned samme renna, nordover Grasdalen til Viromsetra og Nerdalen, og langs vegen inn til Innerdalshytta.

Kart    

Kongskrona

Dato:
22.07.2016
Turtype:
Fjelltur

Eg skulle eigentleg på Furunebba, men det vart tjukke skodde, og eg snudde der ein kryssar elva Vinnu. Då eg kom til Skorgvatnet, hadde det letta ein god del, og eg fann ut at eg kunne sjå litt oppover mot 1565-toppen ("Sørøstre Vinnufjellet"). Vel oppe på 1565, var det berre finvær, så eg fortsette til 1651-toppen ("Østre Vinnufjell") og vidare opp på Kongskrona. Eg var tilbake ved Skorgvatnet i 2-3-tida. Nydeleg kveld.

Kart