Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Veltdalshytta-Billingen

Dato:
03.03.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:22t
Distanse:
22,5km

Veltdalshytta-Billingen, 22,3km, 10t20m, 2,1km/t. Alle eventyr har ein ende. Dette eventyret endte på aller vakraste vis, med ein lang utmarsj i eit landskap endelaust og kvitt, med strålande sol fra blå himmel og ein skarp kald vind i ryggen. Det å kunne gå i timesvis, ein fot foran den andre, vekkgjøymt bak skibriller og buff inne i ei hette -og tenke på, ja, ingenting faktisk. For min del er det mykje av grunnen til at eg driv med akkurat dette. I ein kvardag så prega av at alt skal gå fort, der ein skal frå det eine til det andre, born, fotball, handball, hus, heim og arbeid… Kombinasjonen av å gjennomføre denne type ekspedisjon, å dele det med likesinna, dei gode samtalane underveis, men samtidig det å legge sivilisasjonen heilt vekk- i meir enn en dag. Det er terapi. https://www.instagram.com/hornar81/

Kart    

Torsbu-Veltdalshytta

Dato:
02.03.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:13t
Distanse:
12,5km

Vi gikk fra Torsbu til Veltdalshytta. Med strålande sol frå blå himmel gjekk vi nordvestover på Tordsvatnet. Ei lang og flat etappe, der ein fikk kjenne på at gårsdagen hadde sett sine spor i kroppen. Men det skal seiast: stølheita forsvann fort i dette eventyrlige landskapet. Endelaust og kvitt, med Karitinden ruvande i bakgrunnen gjekk vi inn på sadelen mellom Veltdalseggi og Litlefjellet, der 180 høgdemeter skulle foreserast. Deretter dreia vi vestover og starta på turen 330 hm nedover mot Veltdalshytta, og dette blei dagens største utfordring. Med dårlig sikt utover dagen etterfulgt av mørket, måtte vi ta på haudelyktene siste timen ned mot hytta. Vi traverserte frem og tilbake og fann teknikker der ein kunne gå sideveis med pulken ståande in mot sida på kroppen. Ein del >>>

Kart    

Billingen-Torsbu

Dato:
01.03.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:40t
Distanse:
18,0km

Luksus er ikkje berre store millionhytter med vinskap og jaccuzzi, der du kan køyre bilen inntil, men også bittesmå trehytter langt til fjells utan verken straum eller innlagt vatn -med millionstjerners utsikt, pappvin og slitne bein. Torsbu er den flottaste hytta eg har vitja. Her er ikkje kabel-tv eller dusj, men dei fire veggane og eit tett tak, som i årevis har stått imot naturkreftene . Inne var det peis og ved, gass å koke på og litt straum lada opp via solpanel. DETTE er luksus etter ein lang dag på tur, der vi fikk kjenne på alt vêrgudane hadde å by på. Varme, eit varmt måltid og senger og sove i, samstundes som vinden piska snøven mot rutene ute i mørket. Meir enn dette kan eg ikkje ynskje meg. Turen frå Billingen til Torsbu er på Ut.no er oppgitt til å være 14,5km >>>

Kart    

Merratind

Dato:
24.02.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:04t
Distanse:
17,2km

Treningstur i forkant av en firedagers tur i tafjordfjella. Drog pulk et godt stykke opp i dalen, men etterlot den før stigninga opp mot toppen av Merratind. Ekstremt mye vind, så krevende å komme helt til topps den dagen. Fraus på når sola gikk ned, og skapte et marerittføre å kjøre ned igjen på, med en mix av isete skare og gjennomslag. En fin tur med jamn og slakk stigning. https://www.instagram.com/hornar81/

Kart    

Kjølen

Dato:
03.12.2023
Turtype:
Fjellskitur

Kart