Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Mannslagarnuten

Date:
08.10.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
16.7km

Godvêr og Telemark. Kviteseid er ein flott plass, og eg var litt der i barndomen. Det var mange bilar på parkeringa ved Sundet, meist på grunn av eit crag litt ovafor. Jammen greidde eg ikkje å skli ned vegen til høgre der stien inn mot fjellet tok av. Ekstra høgdemeter og irritasjon. So vidare på den gradvist stigande stien, eller kjerrevegen. Etter kvart kom fjell i vest til syne, med eit tydeleg snølag over kanskje 1200 m. Forbi hytta 'Tarren', og no var stien prega av den dominerande farkosten i denne lia - ATV for vedsanking. Litt stygt nokre stader, men ein bruk og ei ferdsle som kan forsvarast. So slutt på ATV-faret ved ein rasteplass, markert med PB-punkt. Her var det ikkje meir sti, og vegen gjekk no etter kvart brattare opp mot eit heng på vestsida av ein bekk. Litt hyllegåing >>>

Map    

Nummestolane og Rambertinden då godvêret kom til Sogn

Date:
28.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:06h
Distance:
21.0km

Sogn skjenka unntaksvêr, Balestrand skein på andre sida av fjorden, og med skurefilla i handa lurte eg på om manglande morgondisiplin og campinghyttevask kom til å påverke dagen. Grønsberg P-lomme, folk på garden og firehjulstrekkar ved bommen. Han hadde hogd ved, og eg var nøgd med å ha vald vegen opp til stølen som start på turen, og ikkje innmarka og stien som skal gå opp frå denne. Det såg ikkje ut som brakkmark, og då skal en halde seg frå å gå over i vekstsesongen. Eg trur og at vegen var eit effektivt vegval. Oppe på stølen kryssa eg mot den store Stuasetbotnen, med imponerande kulisse i bakgrunnen og godt framkommeleg terreng. Etter kvart vart det fleire sauar. Nysgjerrige, og truande til å følgje tinderanglaren langt og lenge. Eg lika ikkje tanken på at dei vart >>>

Map