Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Molden

Datum:
31.07.2022

Karte    

Vest for Bjørnabreen

Datum:
29.07.2022

Karte    

Nummestolane og Rambertinden då godvêret kom til Sogn

Datum:
28.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:06h
Entfernung:
21,0km

Sogn skjenka unntaksvêr, Balestrand skein på andre sida av fjorden, og med skurefilla i handa lurte eg på om manglande morgondisiplin og campinghyttevask kom til å påverke dagen. Grønsberg P-lomme, folk på garden og firehjulstrekkar ved bommen. Han hadde hogd ved, og eg var nøgd med å ha vald vegen opp til stølen som start på turen, og ikkje innmarka og stien som skal gå opp frå denne. Det såg ikkje ut som brakkmark, og då skal en halde seg frå å gå over i vekstsesongen. Eg trur og at vegen var eit effektivt vegval. Oppe på stølen kryssa eg mot den store Stuasetbotnen, med imponerande kulisse i bakgrunnen og godt framkommeleg terreng. Etter kvart vart det fleire sauar. Nysgjerrige, og truande til å følgje tinderanglaren langt og lenge. Eg lika ikkje tanken på at dei vart >>>

Karte    

Kveldstur til toppen av Liabakken og Sopandefjellet

Datum:
28.07.2022

Karte    

Dalavardin

Datum:
25.07.2022

Iltransport til Valdres for å køyre opp kjøleskåp til tyske hyttegjestar som såg på seg som prøvekaninar i eit muggforgiftingsforsøk på grunn av tilstanden i det gamle. Då alles gut und schöne Hütte, selbstverständlich sind wir gemütlich, bar det vidare til Etnedalen for å auke eigennytta av dagen. Stadig dårlegare vêr, torevêr i det fjerne då eg var på toppen. Etter kvart møtte eg tora og redda meg til bils med alt elektronisk i lynlåspåse i handa. Køyreturen til Nordsinni om Goaren var meir episk enn treningsturen denne dagen. Regn som ut av ei skyllebøtte, elver i vegen, svart som sein kveld, sikt som i tåke. Softis på Dokka for kontrasten.

Karte    

Mellomdistanse pluss

Datum:
20.07.2022
Entfernung:
27,0km

Etter ein etterlengta dag på crag var det tid for å bruke beina på det vanlege viset. Eigentleg sto eit større raid rundt Veslebotnskarvet på programmet, men med ei sprikande vêrmelding vart det Bygdin sør. Her var det Vinjerock, so eg valde å bruke Tyinholmen som utgangspunkt. Opp til Utsikten, som fortener namnet sitt. God sikt, men disig og litt stille før stormen - stemning. Vidare til Skenegge - dagens høgde- og vidt kjend utsiktspunkt, via nordvesttoppen (sjølvstendig). Vidare ga ei fonn god nedstiging, so eg haldt 20-minutt-minus-syklus over til sørausttoppen. No runda eg det lange, rare vatnet, her og etter ein heidundrande glissade på fonn. Fotturstien i nordenden var knapt synleg, og utover mot Drylleberget gjekk det og ein særs svak sti. Toppen er oppstykka, med nokre artige >>>

Karte    

Langeberget

Datum:
18.07.2022

Hyttegjest som ikkje seier klårt frå når han kjem - då rekk ein ein kort topptur og ikkje meir. Det passa og fint med ein ladepause på Leira. Parkerte på skogs-/gardsvegsystemet i nærleiken av overgangen til Hallingdal. På vegen forbi eit bruk under restaurering, eit til nedfalls og så opp ved den lille hytta og parkeringa der du lettast kjem opp frå nordvest. Kjølegare, levelig flogesituasjon, noko utsyn frå toppen. Kanskje overraskande, men det som fascinerte meg mest var å sjå ut over fjell-låglandet som byrjar rett sør og går heilt til Vassfarstoppane tek til.

Karte    

Skardshøgde nord

Datum:
17.07.2022
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
8,5km

Gå-/restitusjonstur på kanten av det høge Valdres. Flott landskap, sjølv om toppen ikkje var all verda. Ukjøyrbar veg (Pajero-land) siste stykkjet inn til Røssjøen støl. GPS-tracket syner skilnaden mellom attgrodd sti som med dette er fraråda (tur) og flott sti som ikkje kom fram av det aktuelle kartet (mapant, retur). Flogeinferno - fyrste gongen i år.

Karte    

Mellomdistanse

Datum:
16.07.2022

Karte    

Buråsen

Datum:
10.07.2022

Gjennom nydelig Østfoldlandskap innover på noe som framstår som ei halvøy i ferskvatn, med blindveg. Er det bare at det er annerledes enn 7 mil lenger nord? Jeg tar meg i å tenke at låg marin grense er en nøkkelfaktor. Ting får et tyngre preg når leire og overdreven frodighet trekker langt oppover i liene. Her er skogbildet reinere og åpnere, med forvridd furu som ved kysten og bister Iddefjordsgranitt (eller noe beslekta) som hemmer planteveksten. Samt litt sør-faktor, med moden blåbær og gulnende åker. Innerst i vegen ligger Jelsnes, et ganske nytt byggefelt åpenbart langt unna 'alt'. Så mye for samordna areal- og transportplanlegging .. Her hadde jeg allerede kjørt forbi et sti-utgangspunkt, delvis pga en irriterende kinabil i hekken, så nå hadde jeg bare Norgeskart og >>>

Karte