Espehjelle, Stranda (02.06.2018)



Kveldstur til garden Espehjelle. Fann stien ved Stranda Energi.
Dette er ein av dei finaste og mest spesielle turar eg har gått. Ein fin sti som slynger seg bortover den bratte fjellsida, frå ca 50-200moh.
Tenkje seg til at dette var tilkomsten til fjellgarden, og alt det slit og strev som her har gått føre seg opp i gjennom åra. Det gjorde sitt for å sette preg på dei litt over 2km fram til garden. Dette var nok ingen enkel skuleveg for ungane som budde der. Espehjelle vart fråflytta på sekstitalet, men busetnaden går langt tilbake som til 1700talet, fortalde ein som vi møtte på garden.
Ein stad er det laga til ein vaier i fjellveggen der stien der det er bratt rett i fjorden. Om ein går der no med små ungar, så bør ein nok passe godt på.
Delar av området er freda naturreservat.
Garden er privateigd og ein bør respektere dette når ein kjem fram.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.