Solund: Ravnenipa og Vardefjellet + litt anna (04.04.2014)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Tourcharakter Wanderung
Höhenmeter 1.120m
Karte
Besteigungen Hammarstakken (159m) 04.04.2014
Hellelinipa (295m) 04.04.2014
Husefjellet (168m) 04.04.2014
Ravnenipa (232m) 04.04.2014
Vardefjellet (315m) 04.04.2014
Lise og Vinjar på Ravnenipa
Lise og Vinjar på Ravnenipa

Starta dagen med Ravnenipa frå Spar i Hardbakke sentrum. Må seie eg er alltid komfortabel med å reise i utkantnorge. Folk helsar langs vegane og er pratsomme og imøtekomande. Slang ein tur innom Spar for handling med Vinjar på arma. 3 kassadamer kunne etter eit halvt minutt bekrefte at dei skulle heim og få seg fleire ungar. Gjekk gjennom boligfeltet og over ei grusbane der stien starta. Vikig å ikkje ta av på Ravnenipa rundt skiltet. Lise og Vinjar var med.

Tur 2. Vardefjellet og Hellelinipa. Det er god sti frå Selvika. Gå 10-15 meter frå hovudveien på grusvegen så ser ein stien til venstre. Merka med småvardar til topps. Lise brukte 26 minutt opp. På min tur fortsette eg til Hellelinipa. Først nordover til skaret og så vestover til toppen, ca 100 høgdemeter. Her var det overraskande nok bok. Dramatisk stup rett i fjorden.

Tur 3. Husefjellet. Bratt opp frå nord, i nordaustsida. Trig pkt er ikkje høgste punkt. Den nordlegaste toppen er sannsynlegvis høgaste. Besøkte begge. Eg først, Lise etterpå.

Tur 4. Frå Lia til Hammarstakken. Fulgte omtrent anbefaling frå Otto. Her blir det no enklare å ta denne toppen i og med at det skal byggjast veg til Tangeneset. Der er det vist ein familie med fleire ungar som har slått seg ned.

Ein triveleg pensjonert kar let oss stå med bilen rett utanfor tunet sitt. Han møtte eg dagen etterpå og. Då var det berre å slå seg til ro for dagen.

Brøytestasjonen i Solund kommune
Brøytestasjonen i Solund kommune

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.