Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Hammarsnibba

Datum:
31.05.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:14h
Entfernung:
12,5km

Denne søndagen hadde vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) pressa på for å få signere den etter kvart så sagnomsuste Hamamrsnibba Sør. Vi parkerte ved Holesætra, men etter tips frå ein lokal helt, gjekk vi over til Bjørdalssætra og fylgde ein god sti på sørsida av Holedalsvatnet. Rundt "Hammaren" og like etter nokre små sel ved vatnet, tok vi av frå stien og sikta oss oppover mot ryggen. Grei skuring oppover og etterkvart kunne vi ta på skia, med flott utsikt i dei fleste retningar. Ryggen er brei og fin, men bratt nedover på nordsida, noko som gjorde at det vart litt på og av med ski for å halde seg mest mogleg oppe på ryggen. Vidare greit å gå opp til Hammarsnibba Nord og vidare til Hammarsnibba Sør. Fin utsikt på toppen! Etter litt om og men landa vi på å køyre ned i retning Nautbrevatnet. >>>

Karte    

Middagsnibba SØ1, Stolshyrna og Vollsetskåla

Datum:
16.05.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:17h
Entfernung:
19,1km
Karte    

Matøskja

Datum:
12.05.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:28h
Entfernung:
13,0km
Karte    

Allskredhornet

Datum:
01.05.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Karte    

Veslesmeden

Datum:
02.04.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
8:01h
Entfernung:
41,5km

Basecamp Otta dag 2: Ein flott rundtur i Rondane saman med vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) . Vi parkerte ved Pungdalen Parkering og tok skia fatt i retning Rondvassbu. Langt, men slakt og fint innover. Vi vurderte langrennsski med randoneski på sekk, og mogleg det kunne lønna seg i trakka løyper til Spranget og scootertrakk til hytta. Vi tok ei lita matpause i i kuriositeten Jutulhogget, før turen gjekk vidare til Veslesmeden. Slakt, langt og ein del vind, men ei slåande utsikt på toppen! Nede igjen ved Rondvassbu sikta vi oss inn på ei direkte rute mot Simlepiggen, både for ein ny topp men også for å ta ut litt høgde før "nedkjøringa" retning Mysusæter. Også her var det ei flott utsikt! Vi gjekk innom nokre småtoppar før vi fann ei retning som gav oss mest mogleg renning på heimvegen. Stakk innom >>>

Karte    

Haldorpiggen

Datum:
01.04.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:11h
Entfernung:
7,0km
Karte    

Storbreatinden og Veslebreatinden

Datum:
29.03.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:13h
Entfernung:
13,8km
Karte    

Blåtind, Punkt på Skjerdingsdalsbreen og Sætreskarsfjellet

Datum:
21.06.2025
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:25h
Entfernung:
16,5km

Første tur på det som skulle bli ein innhaldsrik dag. Turfølge vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) pressa på med tidleg avreise frå Ørsta denne morgonen, med ein plan om fleire nye toppar. Då det var skodde og litt surt ved Djupvasshytta tok det uansett litt tid før vi tok laust. Gjekk mot Grasdalsreset og dreia deretter direkte til Blåtinden via Skjerdingsdalsbreen. Rann ned igjen på breen og tross i tett skodde, var det grei skuring og overraskande kort opp/bort til "Punkt på Skjerdingsdalsbreen". Det var framleis ganske tett, men ryggen vidare mot Sætreskarsfjellet var stor og god. Synd at skodda blokkerte det som truleg var flott utsikt her. Vurderte ei anna rute tilbake til bilen, men underteikna gløymde solbrillene på Blåtind, og då vart dette uaktuelt. Same rute tilbake til Blåtind. Det positive >>>

Karte    

Kvitenova Søraust, Raudnova, Ospelifjellet og Langvasseggi

Datum:
07.06.2025
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:15h
Entfernung:
23,7km
Karte    

Nuken, Tystigbreatind, Kvitlenova og Raudeggi

Datum:
31.05.2025
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
7:09h
Entfernung:
28,6km

Ein nydeleg dag på ski som byrja overskya med skodde og endte opp med knallsol og lite vind. Store mengder folk, god stemning og overflod av grilldressar på parkeringa. Gjekk til høgre for skitrekket og opp ryggen til toppen av det "gamle" skitrekket. Vidare over Tystigbreen og ganske direkte til Nuken, skodde på toppen. Tok same veg tilbake, men gjekk oppom Tystigbreatind og rann deretter ned på Tystigbreen igjen før vi vart ein del av folkevandringa til Kvitlenova. Rann ned langs Mårådalsbreen. Seigt strekke, men grei skuring til Raudeggi etterpå. Flott utsikt her! Dagens finaste nedkøyring vart tilbake til breen. Til slutt tok vi ein bratt, men tilsynelatande vanleg veg ned igjen til vegen. Saman med vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) som berre vart lettare og lettare i steget gjennom dagen.

Karte