Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Favourite peaks

Svartdalshornet

Date:
07.08.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
7.0km

Start ved Brekka. Sti til eit lite stykke forbi Grimeskarvatnet. Tilsynelatande vilkårleg merking oppover mot Grimeskaret vidare. Frå skaret tok vi av rett opp i retning toppen. Ikkje ei magisk utsikt her då det var svært grått i alle retningar. Vi vart einige om å prøve ein anna variant på veg ned. "Rullande" terreng mot Kvanndalshornet som vi ikkje var innom, deretter fint terreng nedover ryggen, men vel vitande om at det kun var kratt i sikte frå ca. 630 moh. Då var det berre å sålsette seg og nytte godt av å ha med bregne- og krattekspert vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) som kunne lede an trygt nedover. Vi unngjekk det meste med litt siksakk og kom inn på stien etterkvart.

Map    

Stornyken og Mefjellet

Date:
15.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
18.6km

Dag 1 av "basecamp Valldal" med VON. Parkerte ved Gudbrandsjuvet og følgde Grusvegen i retning Alstadsætra. Etter nokre svingar var det skilta mot Stornyken med meir eller mindre grei sti til topps utanom på avstikkaren til Myrheivatnehaugen. Relativt seigt strekke mot toppen, men tøft skue i retning Olivintoppen! Tok valget om å ta av i retning Mefjellet, då VON (som droppa denne då han har vore der før) generøst tilbydde å hente. Frå Myrheivatnet var det god sti til Heggjesætra, ei sjarmerande lita sæter der. Her følgde eg skiltinga "Nysætra via Trollkyrkjebotn". Det vart ein omveg på denne måten, men då eg nådde Trollkyrkjebotn (982) var det skilta og god sti mot Nysætra. Fann eit trakk og nokre vardar på avstikkaren til Mefjellet, panserrås ned til >>>

Map    

Rundt Langhorndalen

Date:
14.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.2km

Ei flott runde med flott utsikt heile vegen. Vi følgde den gode stien i retning Kvamsetdalen, men tok av til høgre mellom fjellvatna. Vegen til Tuva gav seg sjølv og der var også nokre vardar å sikte etter. Fin utsikt på denne lille toppen. Planen var å gå nedom Langhorndalen, men "Dukhornet nord for" såg freistande ut. Vi gjekk bratt ned i skaret og bratt opp til denne fortoppen. Vakkert skue og naturleg matpause her. Vi følgde ryggen 50 meter oppover før vi skar inn i sida og opp på egga mellom Dukhornet og Dukhornet Nordvest. Lettgått bortover egga, men litt klivring siste bit mot Dukhornet Nordvest, og eg synes det var hyggelig at underlaget var tørt her. Egga vidare til Langhornet var svært fin og det var kanskje ei tabbe å ikkje gjere eit forsøk mot Kubben. Bratt >>>

Map