Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eid: Lotsbergstøylen takmåking

Date:
19.01.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Eid: Mistelen. Test av julegåve.

Date:
02.01.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.0km
Map    

Eid/Stryn: Glitteregga

Date:
07.01.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.3km
Map    

Eid: Sagetindane

Date:
04.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.6km

Lise hadde vore på Sendaren, sporet låg der til bruk og føret var legendarisk. Ein tlf til Kjetil Mbakkjen (Kjetil Lote) og litt grubling så hadde eg turfølgje. Berre å følgje spora til Lise til topps. Dvs om ein klarer å gå rett opp utan noko form for kryssing. Ganske fint på toppen, men berre kort pause. Så var det rett og slett fantastiske forhold til å danse telemarksvingar nedover.

Map    

Oppdal: Okla og Korgtjønntangen

Date:
19.02.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Vinterferie hos Johan på Oppdal. Johan hadde rydda i timeplanen sin så det vart 3 dagar med flotte turar. Vi var først ute i dag og måtte brøyte spor oppover lia. Etterkvart litt klabbing på langfellene og vel oppom skoggrensa var det ei lette å få på kortfellene. Eg gjekk med Fisher S-bound 112 med smørefri såle og kortfellfeste + Scarpa T4 i Rottefella Telemarkbindingar. Det har eg aldri prøvd før, men det fungerte heilt fint. Og til nedkjøyringa. Fjorårets tankar rundt randoneinverstering er lagt heilt på is. Det var ei fin stund på Okla, lite vind og bra med sikt innimellom skyene. Flott å kjøyre nedover til skaret mot Korgtjønntangen. Gjekk på denne utan feller, berre på smørefritt. No hadde vi eigentleg tenkt oss på Buslættkamben, men den får stå til ein anna >>>

Map    

Luster: Steindalsnosi

Date:
16.05.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
8.0km

Vi parkerte åleine på den vesle lommen der den vanlege ruta til Steindalsnosi startar. Ingen andre å sjå, men mykje skispor gjorde det lett å finne fram. Fella opp argaste plankane vi hadde + Scarpa T4 telemarksko. Sidan vi kjøpte fjellski for 6-7 år sidan har desse skia blitt mindre og mindre brukt, men til slike turar er det heilt topp. Snøen var blaut oppover til vi kom over siste kanten, sjølv så sent på kveld. På toppen i 9-tida og hadde den åleine i nydeleg kveldslys. Herleg nedrenn og glei heilt ned til bilen utan å gå eit steg. Torleiv var meget fornøgd med denne kveldsturen. Planen om å finne anna parkering for natta vart lagt på is, og ølboksane vart lagt i snøen. Knørva ein pakke potetgull og kosa oss i fin temeratur før vi kraup inn i bilen og tok natt.

Map    

Oppdal: Høa

Date:
19.02.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Sunndal: Dronningkrona

Date:
14.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
17.8km

Møre og Romsdal pf 100 1081/1159 Strålande dag på Dronningkrona. Reiste med Johan frå Oppdal og møtte Gunn og Nora på parkeringa. Folksomt oppover lia. Gjekk vanleg rute. Ganske bratt oppi der, såg over på "svenskeraset" og gjorde meg mine tankar...tja..Stille og fint på toppen. Eg var einaste mann med telemarkutstyr. Etter å ha løfta litt på randopakken til Johan innser eg at eg har mykje meir å drage på ja. Såg 2 andre med fjellski. Stakkars dei ned gjennom skogen tenkte eg.

Map    

Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta

Date:
27.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
9:03h
Distance:
33.0km

Møre og Romsdal pf 100 1076/1159 Siste skikkelege turdag før heimreise. Vakna tidleg og fyrte i omnen. Det vart kaffi og ein Real-pakke ispedd potetmos til frokost. Utan denne hadde dagen blitt strevsom. -2 og mindre vind når vi starta. Skyfri himmel igjen, dette holdt seg heile dagen. Sjølv om buketten med 5 pf 100-toppar sør for hytta var planen var eg klar over at dette ville bli langt med det utstyret vi hadde. Først til Storpurka, markert med trig pkt 1614 som toppunkt. Trur det er 1 meter eller så høgare ca 190 meter mot nord. Så kryssa vi scooterleden mellom Håkodalsvatna. Stortrafikk mot Torbudalen, alle skulle på hytta. Ungar og hundar og besta og pikk og pakk bak på sledane. På Håkodalshøa hadde det vært ein skiløpar rett før oss, ferske skispor. Så gjekk det greitt >>>

Map    

Sunndal: Dordinakkan + 3 andre pf 100

Date:
26.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
7:27h
Distance:
26.9km

Møre og Romsdal pf 100 1071/1159 Meldingane for dagen var strålande og dette slo forsåvidt til. Ikkje ei sky på himmelen, men -10 ved start og veldig sure vind i periodar øydela litt av kosen. I periodar gjekk vi med dunjakka på, det er ikkje kvardagskost for Kroksleiven som vanlegvis går i ullskjorta. Elendig skiføre i høgda, men sidan vi gjekk med smale telemarkski og plastsko gjekk dette heilt greitt. Fjellski og lave sko er eit mareritt som eg helst vil prøve å unngå under slike forhold. Som dagen før var det stygge lydar i snøen heile tida, men ingen problem i høgda. Trygg og fin runde. Dordinakkan er eit fantastisk utsiktspunkt, her skulle vi gjerne ha kosa oss lenge. På grunn av vinden vart det kjapp retur ned til Storhårbårvatnet. Her var det rolegare. Vi var veldig >>>

Map     3 comments