Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Sunndal: Seterfjellet og Grynningdalskollen

Dato:
25.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:18t
Distanse:
14,8km

Møre og Romsdal pf 100 1067/1159 Vi vakna etter ei god natts søvn på Raubergshytta. Sidan vi var åleine låg vi inne i opphaldsrommet. Fyrte i ovnen og tok oss tid til ein kopp kaffi. Dagens tur var ikkje av dei lengste og veret heller ikkje heilt toppers. Så ingen stress, vi var på ferie. Kom oss til slutt avgarde og peila oss inn på Seterfjellet. Her har eg vore før, men fin å ta i rundturen. Og så fekk Torleiv seg ein ny 1800-metring. Mot toppen tjukkna det til og var på grensa til utriveleg. Kun kort pause ved varden før vi glei vidare mot Grynningdalskollen. Mot denne og vidare til hytta vart det lettare skydekke og rett så triveleg. Veldig stygge lydar i snøen. Snølaget under oss kollapsa mange gonger, faktisk slik at vi kjende det. No var dette i dalar og flatare parti. >>>

Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
11.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Sunndal: Ørnhaugen

Dato:
21.02.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark

Det var OL-sendingar på TV Norge i stabburet eg hadde leigd på Sunndalsøra. Dårleg ver ute så eg slappa av heile formiddagen med sprint langrenn. Kjøyrde til slutt til Årammen og parkerte ved busskuret. Fulgte veien oppover mot Rennsetvatnet. Tok av til høgre meir eller mindre planlaust på ein gjengrodd traktorvei. Kom opp til ein hammar som eg gjekk under og til høgre for. Vidare lett i slakt terreng til toppen. Mykje vind og dårleg sikt i høgda såg det ut som. Dagen var i boks med denne korte turen. Satsa heller på Åbittinden-runde neste dag då meldingane var mykje bedre.

Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
17.01.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t

Gjekk heimafrå over Myrane og veien oppover mot Sagetindane. Trakkemaskina hadde vore oppover så det var lett å gå. Tok av på vanleg plass og gjekk over Kinna og til Svartegga frå nord. Fint å gå opp, men elendig skiføre nedover. Stille på toppen og veldig triveleg januarver. Kunne renne veien heilt til Televerkgarasjen på Øvrebøen der Lise plukka meg opp.

Kart    

Sogndal: Reppanipa, Helleberget og Dyrhovden

Dato:
13.01.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:06t
Distanse:
12,2km

Sogn og Fjordane pf 100 567/1168 Sjeldan lang kjøyring for ein så kort tur. No hadde eg lokka Kroksleiven med Lusaskard i tillegg, men i og med at vi gjekk med plast og telemarkski vart denne etter fleire vurderingar lagt på is. Kom til Resaland/Geirane i 10-tida. Det var vel bortimot pudderalarm i Sogndalsdalen, noko parkeringa ved Togga kunne stadfeste. Her var det alt fleire bilar og storutfart. Vi folkesky særpeisar som ikkje trivast på slike stader kjøyrde lett forbi. Eg ringde på og avtalte parkering, alltid greitt å gjere det. Overraskande nok var det kjøyrt opp med beltemaskiner og snøscooter til Liastølen. Generelt var det mykje av denne slags spor alle plassar. Første stopp og årets første nye topp vart Reppanipa. Stille og fint på toppane. Glei sørvestover og kryssa >>>

Kart    

Eid: Ljøskarhaugen

Dato:
16.12.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

Eid: Trolledalsegga

Dato:
29.11.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark

Med kort dag på jobb åpna det seg for ein skitur til Trolledalsegga/Sagetindane. Høgefjellet er namnet brukt på nordsida, heilt ukjendt for folk på Lote. Lise hadde vore oppover dagen før så det var berre å labbe i spora hennar. På grunn av arbeid på sendaren hadde trakkemaskina vore oppover etter siste snøfall, dvs veldig lett og fint å gå veien til topps. Det er betydeleg lenger enn å bryte seg rett opp lia, så då vart det lia. Fin snø frå støylen og oppover til skoggrensa. Lenger oppe heilt ok, litt avblese her og der. Frå toppen ringde eg Lise som var på vei heim frå jobb i lag med Vinjar. Avtalte henting på Øvrebøen på Lote. Då kunne eg berre gli veien ned til skytebana og labbe derifrå til fots, lite snø i veien. 20 minutt til skytebana og 10 minutt gåing >>>

Kart    

Stryn: Bergsetnakken

Dato:
18.11.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:30t
Distanse:
7,6km

Reunionhelg for studenter og andre fanter frå Voldatida. 7 stk møtte opp på hytta på Vangen. Det var mykje nysnø som frista til topptur på laurdagen. Alle 7 kom opp i tillegg til hunden Chicco. Vi gjekk opp langs heisen vest for hoppbakkane og inn på ein skogsvei. Denne var heilt vekkvaska etter den store flaumen her for nokre år sidan. Ikkje sjangs å komme over. Måtte opp eit granfelt nokre få meter før terrenget åpna seg opp. Ikkje vanskeleg. Karen med traktor og brøyteansvar ringde oss undervegs. Vi skulle gått lenger vestover i retning Bergsetstøylen frå skistadion før vi tok oppover. Tips er å følgje sætrevegen mot støylen og ta av der. Trygg og fin tur til Bergsetnakken. Ganske surt på toppen og dårleg sikt for nedkjøyring. Likavel fine svingar nedover i herleg >>>

Kart    

Vestnes: Sprovstinden, Gjølbotntinden og Steinsmørhylla

Dato:
10.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:00t
Distanse:
21,4km

Sunnmøre pf 50, 899/929 Møre og Romsdal pf 100, 917/1154 I dag vart det soloprosjekt. Åsmund ville være saman med familien på tur, Gard høyrde eg ingenting frå. Reknar med han dreiv med restitusjon på veloursofaen sin. Parkerte ved Vegvesenstasjonen og gjekk mot skitrekket. Gårsdagens feite telemarkski/plastsko var bytta ut med smalare telemarkski og Alfa Quest som eg har funne ut passar foten veldig bra. Fulgte trekket oppover eit stykke før eg peila meg inn mot Varguraksla. Ein einsleg randokar låg foran meg i løypa. Han gjekk alvoreleg bra på, og kryssa ikkje ein einaste gong! Frå Varguraksla fulgte eg ryggen enkelt mot Sandtinden og så vidare til Sprovstinden. Her var det to turgåarar som eg slo av ein prat med. Randokaren, ein 62-åring frå Skodje, og Åsnes Nansen-karen >>>

Kart    

Vestnes: Remmemstinden og Ystetinden

Dato:
09.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:46t
Distanse:
14,2km

Helga vart lagt til Hatlane der kollektivkompis frå Voldatida Åsmund bur. Etter ein tlf til ein annan karakter, vart det klart at vi vart 3 på denne turen. Gard har meldt seg på BMI-klassa i årets Skåla Opp og trengde sårt litt kondistrening. Han kunne bekrefte at han var ein smule bekymra for dette motbakkeprosjektet sjølv, noko vi ikkje hadde vanskeleg for å forstå. Gard kom som avtalt kl 0900 i den flotte Honda Accorden sin. Bilen syng på siste verset, og dette skulle bli avslutningsturen. Utan eksosanlegg høyrdest det ut som eit Widerøefly som tok av innover langs Brusdalsvatnet når nåla nådde 5000 omdreiningar. Vi vurderte først sørsida og forskjellige alternativ med alle 4 toppane i rekka nord for Ørskogfjellet. Heldigvis kjøyrde vi til Vestnes og austover til Flate. >>>