Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Surnadal: Løålikjølen

Datum:
17.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:19h
Entfernung:
10,6km

Parkerte åleine på parkeringsplassen der den staka ruta til Løålikjølen startar. Svært varierande ver, byger og sol om einannan. Siste nysnøen var klissblaut, men lett å gå innover i det slake terrenget. Plaststenger markerer ruta heilt til topps. Det er vanlegvis oppkjøyrte spor her, etter påske har vel dette ikkje blitt prioritert. Kort pause på toppen. Det står ei grillhytte nokre meter vest for toppunktet. Denne skal være åpen men sidan veret akkurat no var finfint la vi i veg tilbake. På retur møtte vi 80 år gamle Styrkår Brørs på treningstur. Han vann 80-84 års klassa under årets Birkebeinerenn. Ein skikkeleg spreking som ikkje hadde tenkt avslutte skisesongen enno nei. Tilbake ved bilen vart det lunch før vi starta på Garthøglia vestover frå skistadion.

Karte    

Surnadal: Garthøglia

Datum:
17.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
7,2km

Kom frå tur til Løålikjølen. Parkerte på skistadion, ikkje eit skispor å sjå. Rygga bilen bak i snøen og lasta ut pulk, ski og folk. Sola varma no og vi fekk ein kjempefin tur. Her hadde vi ikkje info om løyper. Det viste seg at det var staka løyper så og seie heilt til topps. Rett sør for toppunktet stod eit skilt med "Garthøglia" på. Krongla oss opp siste høgdemeterane til toppunktet som er merka med både blå og raud måling. Trigpktmarkeringa ligg velta rett ved sida. Veldig lett retur samme veien. Vinjar skratta godt i pulken når det vart litt fart i nedoverbakkane.

Karte    

Surnadal: Storfjellet og Fossafjellet

Datum:
07.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
3:02h
Entfernung:
15,9km

Nordvikstranda er det bomvei til kraftverkinntaket på ca 400 moh. Kostar kr 40 som sjølvsagt blir betalt med glede. Parkerte åleine ved veis ende. Turen starta i fint ver og god temperatur. Nesten så ein kunne bli optimist. Planen var å ta Storfjellet først. Bollknubben var skyfri og såg fin ut, men gjekk forbi denne for å så ta den på retur. Opp mot Storfjellet såg eg at skylaget la seg godt nedpå toppen. Sola var definitivt på vikande front og vinden utriveleg. Gjekk nord for Bollknubben mot Fossafjellet. Kraftlinja vart passert og det tetta seg enno meir til. Fossafjellet såg eg aldri meir men toppen vart nådd. Ei jævlige vindkule traff meg på toppen. Fekk snudd skia rette veien og vart sendt i god fart tilbake med feller på! Fulgte spora mine eit stykke før eg tok av >>>

Karte    

Surnadal: Strengen, Syltnebba og Vindnebba

Datum:
24.03.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
5:19h
Entfernung:
21,8km
Karte    

Eid: Lotsstøylen

Datum:
17.01.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
7,0km
Karte    

Sogndal/Luster: Supphellenipa og Opptakshaugane

Datum:
20.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
11:00h
Entfernung:
46,0km

Lang skitur frå Stardalen i Jølster. Denne har stått på blokka lenge. Torleiv og eg kjøyrde til Lyngstad der vi møtte Kjell som og var med på gårsdagens tur på Strynefjellet. Etter ei god prateøkt med faren hans kom vi oss avgarde. Kjøyrde litt oppover sætrevegen. I det vi ser Kvannebakknova ser vi at det er mykje vind i høgda. Oppover mot Strupen blir vi i tvil om dette er noko å satse på. I tillegg blir vi tatt igjen av ein kar med telemarkustyr, busett i Oslo og med svært mykje utdanning. Skilde lag med han og gjekk retning pkt 1734. Vinden var til å leve med, og vidare utover dagen stilna det og vart legendarisk. Kjell som har budd heile livet ved foten av breen skulle faktisk i dag få eit par nye toppar, og eit innblikk i korleis tankesettet til toppidiotar er. Vi passerte >>>

Karte    

Skjåk/Norddal: Hamseviki -> Storfjellet

Datum:
19.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
38,0km

Målet var 3 toppar i Sunnmørslista, pf 50 m. Status etter denne turen 833/926. Dei siste på Sunnmøre vi kan nå frå Strynefjellet. Frå Hamseviki er det lett innover til Danskehytta. Hytteverten kunne berette om elendige besøkstal pga forferdeleg ver så langt i påska. Vi møtte ein snøscooter på vei innover. Dette var vist nok sjuketransport av hund etter eit klassisk møte: Stålkant vs Bikkje. Dagen var dessverre grå, starta til og med med nokre regndråpar. Ein del vind og surt innover. Men kan vel ikkje klage, det er tross alt utendørsidrett vi driver med. Retur over Hellstugueggi og dermed lang glitur tilbake til bilen. Ikkje den heilt store dagen, men toppane i boks! Med på turen var Kjell Lyngstad frå Jølster og Kroksleiven.

Karte    

Skjåk/Norddal: Ski Classics, Hamsedalen langlauf

Datum:
30.03.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:15h
Entfernung:
36,0km

Då gjekk startskotet for dei siste 100 toppane på Sunnmøre, pf 50. Status etter i dag 830/926. Tidleg start, 0630 frå Statoil Nordfjordeid. Så stilde vi klokka ein time og den vart 0730. Klar til avgang i Hamsevika rett over 0900 sommartid. Lyset var flatt og kjedeleg første partiet innover, men sola fekk snart tak og det vart ein kjempeflott dag, med påskesløsh og god temperatur. Det som sjokkerte oss mest var å finne ut at 2 gravemaskiner og ein dumpers hadde vore innover til Heimste Viavatnet, ein avstand på ca 12 km. Stødig arbeid for å seie det pent. Her må det ha gått med minst 14 liter kaffi og 3 pakkar Rød Mix. Vi osa innover dalen i eit scooterspor, men folk såg vi ikkje heile dagen. Kva gjer folk på eigentleg? Vi kom inn på ruta mot Kaldhusseter gjennom Fagerbotnhalsen. >>>

Karte    

Luster/Stryn: Brenibba, Lodalskåpa + litt anna

Datum:
25.05.2013
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
13:06h
Entfernung:
39,0km

Etter eit par telefonsamtaler med Janne og Geir Arne var det berre å raske saman utstyret og komme seg i bilen. Rakk ferga frå Lote kl 1900 fredag kveld. Etter eit besøk hos Anne R i Sogndal for å låne stavar til turen (ja eg gløymde å plukke dei med!) kom vi til Jostedalen seint på kveld. Møtte Janne ved skiltinga til Fåbergstøylen og Styggevatnet. Ho hadde alt vore inn og inspisert, men der var ikkje tlfdekning. Det var nesten så vi høyrde lyden av ein raud pickup som tok laust nede på Gaupne. Rekna med Geir Arne fann oss ved stistart Fåbergsbreen. Medan vi jobbar med telta kjem ein Nissan King Cab i godt driv oppover. Geir Arne tar eit par æresrunder på teltplassen så steinspruten står rundt oss, medan potetgullposar og grillpølser har meir enn nok med å halde seg fast >>>

Karte    

Lesja/Oppdal/Sunndal: Storskrymten + mykje anna

Datum:
19.05.2013
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:55h
Entfernung:
33,5km

Etter tre dagar med dryge ski/labbeturar var vi klar for enno ein stortur. Frå Råstu såg det veldig sparsommeleg ut med snøen mot Storskrymten. Hadde tatt nokre bilder av området og studerte dei hos Johan til pizza og godt drikke. Konklusjonene var at vi skulle prøve, og meldingane var rett så trivelege. Denne toppen har svirra i hovudet ei stund. Flott namn, lang tur og for oss nytt område. I tillegg siste topp i Oppdal pf >600 m. Det nyinnkjøpte fjellskiutstyret har virkeleg fått kjørt seg denne våren. Gått meir på slikt utstyr på nokre få mnd enn eg har gjort resten av livet. Ingenting er vel bedre enn å få med Mr Storskrymten himself som kjentmann. Tar meg den frihet å klippe inn Johan sine notat frå turen: "Flott skitur fra Hallen med Lise & Ove. Som regel >>>