Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Norddal: Storvasshornet og Mellomskorene

Date:
20.07.2014
Characteristic:
Hillwalk

Endeleg Storvasshornet! Dag 1: Relingsætra-Storvatnet-Litleøvstdalen-Storvasshornet-Litleøvstdalen Hadde avslutta 5-dagerstur tidlegare på dag. Grønningsæter">Grønningsæter -> Grønningsæter Berre 3 toppar igjen i den enorme Norddal-lista. Storvassornet, Mellomskorene og Smogehornet. Smogehornet, Norddal 100m komplett! Tok ferga over fjorden og kjøyrde til Norddal og Relingsætra. Toppen som lokka på meg midt i dalen såg eg første gangen i 2001 under ein 10-dagers frå Billingen til Geiranger. Reinheimen/Tafjordfjella: Frå Billingen til Geiranger Denne elegante stilige toppen er Storvasshornet. Endeleg skulle vi stifte nærmare bekjendtskap. Kunne med letthet konka ut mange toppar i enhver kremtoppliste. Frå Relingsætra er det god sti innover, merka til Storvatnet. Hadde pakka ekstremt lett i dagstursekken til overnatting. Lettare fjellsko gjorde og susen. På vegen møtte eg fleire folk, den eine karen kliss lik Finn >>>

Map     1 comment

Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter

Date:
16.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
95.0km

Flottaste turkommunen på Sunnmøre, NORDDAL! Dette prosjektet har blitt målt fram og tilbake i lang tid, mange forskjellige varianter har vore på blokka. Enden på visa var å pakke lett med telt til 5 dagar og prøve. Ingen andre kunne være med dessverre, då blir det ei ekstra utfordring med det sosiale. Eg likar tross alt å treffe folk sjølv om eg er på tur. Dette ordna seg fint. Dag 1: Grønningsæter-Tjønnebu-Krynkelen-Litlehornet-Tjønnebu Ca 5,5 timar, 1500 høgdemeter Kom til Grønningsæter i godt ver. Veien oppover frå betalingskassa er elendig, og ein kar eg snakka med sa eg skulle drite i å betale 20 kr. Det låg heller ikkje konvoluttar til dette. Gjekk til Tjønnebu i godt driv. Møtte far og 2 gutar frå Berlin på vegen, dei hadde hatt ein flott tur med fiske. Satte igjen >>>

Map     2 comments

Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 5

Date:
13.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:27h
Distance:
21.0km

Siste dag i dette prosjektet. Sjølvsagt ville eg hatt med rekka frå Evelsfonnhøa og nordover til Breifonntinden og 1635 NV for Hauduken. Totalt 5 toppar som bør angripast frå Mardalsbotnen. Med Vinjar med på laget vart denne litt for heftig så den er utsatt til ein anna gong. Å oppsøke dette området ein gong til skal vi med glede gjere. Dei andre turdagane kan ein lese om her: Rauma: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 1 Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 2 Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 3 Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 4 Vi parkerte ved bommen til veien som går mot Grøttabotnen. Herifrå starta vi med å gå bratt opp mot Søre Midthøin, omtrent over pkt 1485. Eg hadde veldig lyst på ein skikkeleg rundtur denne dagen. Etter ein del vurdering av terrenget vidare vart vi einige om å skille lag. Lise returnerte same vegen saman med Vinjar. Dei gjekk etterpå til Litlfjellet som eg og Vinjar var på dagen før. Dette var nok >>>

Map     2 comments

Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 4

Date:
12.07.2014
Characteristic:
Hillwalk

Ein "roleg" dag. Overnatta ved vatn 1049 sør for Litlfjellet. Nydeleg ver som vanleg denne kanonveka. Vi delte oss denne dagen. Eg starta med Rangåhøgda. Gjekk knappe 2 km rett vestover mot Rangåhøgda. Tok peiling på rute opp nord for elva. Bratt eit lite parti men ikkje vanskeleg eller klyving. Gjekk godt nord for det lisje vatnet i kupa (ca 1150 moh) Enkelt vidare til Rangåhøgda. 2 reinsdyr låg i snøen ved toppen. Retur same vei. Tilbake ved bilen bytta vi, Lise til Rangåhøgda og eg gjekk til Litlfjellet med Vinjar. Svært roleg til Litlfjellet, stort sett veldig lett å gå. Passerte den merka ruta som er innteikna på kartet. Dvs, det står varding til ei rute, men denne kan vel aldri ha blitt brukt. Ikkje så mykje som antydning til sti. Etter at anleggsveien kom >>>

Map    

Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 3

Date:
11.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h
Distance:
21.5km

Dag 3: Vi starta igjen ved Danielbu og gjekk stien oppover. Tok snart av mot Bruåbottmillo som var dagens hovudmål, iallefall for familien. I forhold til ura oppover mot Kleneggen var det her mykje bedre å gå. Dette var veldig oppløftande sidan Lise skulle returnere her utan meg. Vi gadd ikkje gå bortom 1829-toppen sjølv om vi var veldig nær, og på returen gjekk eg nord for denne. Jaja, pyttsann. Mellom 1829 og 1837 møtte vi ein kar som var svært godt kjend i området. Han var frå Lesjaskog, bodde i Oslo, men hadde hytte i heimbygda. Han kunne fortelje at eit parti av Bruåbottmillo ein gong i framtida kanskje ville rase ut og feie vatnet under ned i Eikesdalen. Toppen av Bruåbottmillo var mykje flottare enn både Kleneggen og Kaldbottinden som vi var på dagen før. Vi såg det >>>

Map    

Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 2

Date:
10.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:32h
Distance:
22.0km

Dag 2: Dagen starta som venta med fantastisk ver og over 20 grader. Heldigvis litt trekk i lufta. Gjekk stien frå Danielbu mot Kleneggen. Stien forsvann ganske snart så vi holdt fram etter kart og eigen vurdering. Gjekk nord for vatn 1379 og dei to kollane i Kaldbotnen. Bratt opp mot skaret mellom Kleneggen og Børa. Vidare eit drygt parti til høgste toppen i Nesset. På topplatået tok vi igjen ein kar med 2 gutar. Den eldste guten på ca 13 år ramla om i steinrøysa eit par steinkast før toppen og vart liggande i protest mot slike toskete prosjekt som dette. Yngstemann feira med far på toppen. Far lirka fram ein boks pæresider og eg fekk iallefall halve i kaffikoppen min. Triveleg kar! Vi byttar bærar, eg tok over junior. Gjekk over Børa og til Kaldbottinden. Litt usikker på kva >>>

Map    

Rauma: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 1

Date:
09.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:45h
Distance:
18.3km

Med temperaturvarsel oppunder 30-talet er det ikkje noko poeng for oss å leike lavlandsape, sitte på ei strand og trykkje på ein mobiltelefon. Det er berre å pakke bilen og komme seg til fjells. Aktivitetsveka i 2013 vart lagt til Norddal, i år litt lenger nord til Sandgrovbotnen og innover mot historisk grunn i Mardalsbotnen. Fjorårets maskot Kroksleiven var bytta ut med Vinjar, frå eigen avl. Begge karakterar med meiningar om mangt og mykje. Kan berre seie det med ein gong, dette er eit fantastisk område! Anleggsveien er svært god og kan kjøyrast innover heilt til endes. Det er flusst i muligheter for parkering og telting. Litt trafikk innover men dei fleste såg ut som dei snudde og kom kjappt utigjen. Nokon var der for å lufte bikkjene sine. På toppane møtte vi svært få! >>>

Map    

Voss: Mykkeltveitveten

Date:
05.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.0km
Map    

Granvin/Voss: Skamdalshorgi

Date:
04.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:21h
Distance:
4.7km
Map    

Voss: Grønahorgi

Date:
04.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.6km
Map