Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Molde: Lønsetfjellet

Datum:
23.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:06h
Entfernung:
9,3km

Parkerte på skistadion. Merking mot Lønsetfjellet som er veldig enkel å følgje. Siste skilt heng på ein vegg på ei utløe. Frå stadion er det oppgitt 6 km. Dette er heilt feil, gps viste 4,6 frå stadion til varden. Turen er meget fin og lettgått på god sti utan for mykje myrtrakking. Kasse og bok ved varden. Fint turver, berre nokre få dropar før eg kom til bilen igjen. Møtte ingen, litt rart sidan eg trudde dette var reine kredtoppen i Molde. Overnatta på skistadion, spent på morgondagens ver. Ein smule ustabilt for tida.

Karte    

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
21.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Nesset: Skredin og Rødhesten

Datum:
16.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:12h
Entfernung:
9,7km
Karte    

Gjemnes/Nesset: Vetafjellet

Datum:
15.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:21h
Entfernung:
6,1km

Parkerte på ei lita lomme ved sida av bom og betalingskasse for Fosterlågvegen. Veret var nitrist, så eg tok meg ein cowboystrekk bak i bilen, noko som resulterte i soving altfor lenge. Kom meg avgarde ca 1800 utan at veret var blitt bedre. Det går sjølvsagt å kjøyre oppover denne vegen eit lite stykke til ein parkeringslomme der det står merka Vetafjellet. Dette er ikkje langt, så å betale for det er unødvendig. Turen opp er grei, men no var det søkkvått alle plassar. Det er store stakar som viser vegen heilt opp til masta på toppen. Grautskodde, vind og regn. Kasse med bok som var fullstendig ubrukeleg til å skrive i. Returnerte kjappt til bobilen der det vart fyrt godt og mekka middag.

Karte    

Gjemnes: Storfjellet, Fosnahøgda og Åbakkfjellet

Datum:
14.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
15,8km

Dagens hovudtur vart desse tre toppane i eit prosjekt. Parkerte ved hovudveien sidan eg har ein bobil, men det går å kjøyre langt oppover. Storfjellet er merka både heilt nede og litt lenger oppe. Der står og eit STIKK UT skilt men trur det er til Turtlihøgda. Uansett, veldig lett å finne fram til Storfjellet, god sti heilt opp. Kasse og bok ved varden. Det såg forferdeleg langt ut til Fosnahøgdin, men det var berre å bryte seg på. Prøvde gå rett på, opp og ned, over fleire myrar og så ei lita kneik til slutt. Kasse og bok her og, men boka var i fullstendig oppløysing. Ho Gerd frå Angvika hadde skrive seg inn to gonger, så ei som hadde gjort eit forsøk og så var det meg. 4 besøk i 2015 då ut frå boka. Samma opplegg nordover igjen til Åbakkfjellet, det såg veldig langt >>>

Karte    

Sunndal: Litltågkollen

Datum:
13.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:49h
Entfernung:
2,9km
Karte    

Sunndal/Nesset: Stortorbuhøa og Torbusnyta

Datum:
13.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
14,7km

Dagens første utfordring vart bommen på Sunndalssida der betalingsopplegget ikkje fungerte. Det fungerte heller ikkje med å ringe til nummeret som var oppgitt. Det hopa seg opp med bilar bak, og ein kreativ snekker leita fram pipesettet. Vi kom oss forbi, då vi returnerte stod bommen åpen så her må det nok ein eller anna service til. Vi parkerte på stor parkeringsplass rett før Aursjøhytta. Gjekk gjennom det store masseuttaket og peila oss inn rett mot Stortorbuhøa. Flott temperatur, men skodde som la seg nedpå toppane. Frå Stortorbuhøa gjekk vi på GPS til utos på vatn 1243 og vidare bratt opp rett mot Torbusnyta. På denne toppen stod det ein kjempeflott varde, men ikkje kasse eller bok å sjå. Retur rett sør forbi det lisje vatnet på ca 1450 og bratt ned der. Den markerte >>>

Karte    

Surnadal: Naustådalen og Neådalen

Datum:
12.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
17:30h
Entfernung:
52,5km

Status Møre og Romsdal pf 100 etter helgas prosjekt: 859/1154 Vi gjekk frå Kårvatn på merka rute mot Trollheimshytta. Tok etter kvart av mot Tydalsnebba. Første topp Revholfjellet, så vest for Revholbotnvatnet og opp til Tydalsnebba. Det vart ein del morro utav dette namnet då Johan ikkje hadde brillene på seg og las Rævholbotnvatnet. Plukka fleire haglepatroner etter ein rypejeger som har vore like tome i knollen som patronene han slengde ut av hagla. Er det vekeleg så vanskeleg å plukke opp desse sjølv? Aust for Tydalsnebba fulgte vi ei laaang snøegg nedover. Aust for Tverrbotnfjellet er det litt bratt ned egga men ikkje vanskeleg. Ellers lett å gå heilt til Salen som vart dagens siste topp. Flott skue i alle retningar, Snota, Neådalssnota, Rognnebba mm. Sidan det har gått >>>

Karte    

Sunndal: Blåhøa, Gammelseterhaugen og Hælfjellet

Datum:
10.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:35h
Entfernung:
23,5km

Kom frå Oppdal der det hadde blitt ein vel sein kveld hos Johan med mengder med kart og turplanlegging kombinert med leskedrikk. Skodda låg nedpå fjella, så eg blinka meg ut tre enkle turar. 1. Blåhøa. Parkerte eit lite stykke før Vangshaugen, der det er merka til Grøvudalen/Raubergshytta. Fulgte god sti oppover og tok av til venstre der den deler seg på ca 1150 moh. Enkelt til topps på Blåhøa i nysnø og skodde. 700 hm/2 t 17 min/ 9,7 km 2. Gammelseterhaugen. Elva Svøu såg veldig stor og utriveleg ut der den velta seg over kanten og ned mot Storvatnet ved Vangshaugen. Ei lita nøtt, var det muleg å krysse denne rundt Fremmervatnet? Gjekk langs Storvatnet og til elva for å sjekke vassmengda, den var enorm! Her var det bru, så då kryssa eg heller her nede på brua og fekk baske >>>

Fræna: Raudtua

Datum:
06.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
6,8km
Karte