Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Sunndal: Salsnebba, Storhaugen og Skrommelnebba

Dato:
31.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:31t
Distanse:
15,9km

Møre og Romsdal pf 100 1093/1160 Først arbeid til 1130, så 5 timar kjøyring til Sunndal. Klar for avgang i Ryssdalen litt over halv fem. Kunne kjøyre veien til ca 500 moh der snø i veibana sette ein stoppar, men det var akkurat passeleg langt. Veien oppover var ikkje allverden, eg var glad for at eg denne gongen satsa på ein liten varebil som overnattingslokale og let bubilen stå igjen heime. Gjekk rett mot Jamnhaugsetra. Bak denne var det ei krevande li med bukkemark oppover ca 200 høgdemeter. Ikkje sti eller noko å finne. Frå Salsnebba såg eg ei hylle opp frå Erstadbotnen som eg ville bruke. Først opp ei ur under fjellet og så til venstre. I Erstadbotnen møtte eg ein elg. Sikkert ingen sensasjon men artig for meg sidan vi ikkje har denslags her heime. Frå Storhaugen var eg >>>

Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
27.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,7km
Kart    

Sunndal: Hovsnebba

Dato:
20.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:10t
Distanse:
8,1km

Møre og Romsdal pf 100 1090/1160 Siste turdag i denne runda gjekk til Hovsnebba. Passeleg å avslutte med før 5 timar heimreise. Utruleg rås oppover fjellsida. Eit stidele med tydeleg merking til høgre forvirra oss litt, så vi enda på Flaggnuten. Gjekk tilbake og tok av bratt oppover igjen. Ved det såkalla Galleriet var det eit tau med knutar lagt ut. Så var det forbi trimkassa ved Bjønnalauvet 765 moh i skoggrensa og kryssa Kilurdbekken på 1000 meter. Ikkje snø her lenger etter enorme temperaturar siste vekene. Frå første varden er det eit lite stykke til høgste punkt. Her må ein ned frå ryggen på sørsida eit par plassar. Men ikkje vanskar av noko slag. Fantastisk utsikt til Sunndalsøra 1550 meter lenger nede. Litt overskya og vind i dag, men flott temperatur og turver >>>

Kart    

Nesset: Litlskjorta, Litlefjellet og Goksøyra

Dato:
17.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:31t
Distanse:
15,6km

Møre og Romsdal pf 100 1086/1160 Glimrande fottur på sjølvaste 17. mai 2018. Hadde overnatta i bubilen ved brua over Ljøsåna. Vi ville teste ut denne stien for å sleppe for mykje snø til desse toppane. Det fungerte utmerket. Tørrt og fint oppover og snøen vi møtte undervegs var god å gå på. Meir info under bilda.

Nesset: Skjorta

Dato:
16.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:44t
Distanse:
11,0km

Møre og Romsdal pf 100 1083/1160 Vi kom til Eresfjord, bygda med sykkelkunsten. Kjøyrde mot Kanndalen og parkerte der veien til Kvidalen startar. Skodda hang ned på Skjorta og lett duskregn på ruta. Etter litt somling kom vi oss avgarde. Dette er sjølvsagt ein fin skitur, men etter å ha sett bilder på Toppturer i Nordvest var det klart at toppen var klar for bestigning til fots. Fulgte skogsveien og tok av til høgre på ennå dårlegare "vei" slik at vi kom opp til dei to bygningane på ca 380 moh. Herifrå vart det påmåfågåing oppover forbi skoggrensa til vi møtte stien langs ryggen til topps. Nokre snøfelt måtte kryssast men ikkje allverden. Skodde på toppen dessverre, denne letta sjølvsagt når vi var komne til bilen. Skreiv oss i boka. OBS! Høgste punkt er ikkje >>>

Kart    

Bergen: Byfjellenes høyeste punkt

Dato:
25.11.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
9,5km

Gløymde å slå av GPS, det er ca 6 km kjøyring som er trekkt frå turlengda. Start/topp høgdeskilnad ganske nøyaktig 500 m. GPS viste 800 meter stigning. Det verkar drøyt, har korrigert dette til 650. Ein del opp og ned småbakkar undervegs. Sør-Norge pf 500 242/402 Toni ville være med på denne turen. "No skal vi ha det kjekkt" sa han. Han er ein svært positiv kar, men dette vart ikkje noko trivseltur. Parkerte på Montana og betalte parkering kr 75 i resepsjonen. Fulgte vei oppover og så inn på sti. Etterkvart fann vi skilt Turnerhytten 1,8 km, men gjekk over mot Vassdalvatnet og opp Soriabakken. Ein del snø og tungt å gå. Det tetta seg til og vinden var ikkje triveleg. Hadde den ennå i ryggen. Tok oss ein banan i le av Valhal før vi gjekk til høgste punkt. Kort fotoøkt >>>

Kart    

Bergen: Løvstakken

Dato:
24.11.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
7,1km

Mine brødre var på jobb og studier, eg brukte dagen til ein tur på Løvstakken i roleg tempo. Rota meg oppgjennom bebyggelsen frå Puddefjorden til eg fann eit skilt med Løvstakken. Snø så og si frå fjorden men auka ikkje på veldig oppover mot toppen. Passerte eit par karar som ikkje var interesserte i prat. Då var det meir fart i den franske jenta som stod på toppen. Sidan eg ikkje snakkar fransk vart det engelsk. Bra med vind og ganske friskt på toppen. Tok eit utall bilder av jenta med mobilen hennar, og så slo vi følge nedover til ho ville ete nista si. Takka for følgjet og rakk akkurat sprintfinalen i Ruka der Johannes Høsflot Klæbo imponerte stort. Fin trimtur frå Bergen.

Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
06.11.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
02.11.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Kart    

Fjaler: Einingsfjellet

Dato:
09.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:47t
Distanse:
2,9km

Etter overnatting på Lammetun ferie og fritid var dette starten på dag 2. Enkelt å finne parkeringsplassen som ligg heilt inntil veien, merking mot toppen som er lett å sjå. Knappe 25 minutt til toppen i jevnt trav. Triveleg toppunkt med kasse og bok. Flott utsikt mot Norskehesten, Tvibyrge og Værlandet.

Kart