Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Alvdal/Rendalen: Storhøa og Korsberghøa

Date:
23.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:40h
Distance:
15.8km

Ser at denne turen er ganske identisk med tiurjegeren sin for nøyaktig eit år sidan 23.06.2019. Når to har tenkt det same skulle ein tru at det var ei god løysing. Ikkje vanskeleg, berre langt, og nesten ikkje stigning. Holdt godt høgde innover for å sleppe unna myrane og ein del kratt. God utsikt frå Storhøa. Ellers ikkje så mykje å berette om.

Map    

Alvdal: Blåvola og Urdskardkampen

Date:
22.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:55h
Distance:
11.1km

Det er heilt ubegripeleg at det er lov å lage slike jævlige ATV-spor i terrenget som vil vare i generasjonar. Resultatet er at det er utruleg lett å gå innover, men likavel. Frå den nye hytta var det flott sti til Urdskardkampen. Frå skaret mot Blåvola ingen sti å finne men lett å gå.

Map    

Rendalen/Tolga: Elgspiggen

Date:
22.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:31h
Distance:
7.2km

Litt info om Spekedalsveien. Kr 80 betalingsbom med kort. ca 22 km innover. God vei til Nekmyrene her holdt eg 3. gir og ca 50. Etter brua og grinda litt dårlegare vei med grovare masse, 2 gir og 30-35. Totalt sett heilt OK. Ikkje ein kjeft å sjå på Spekedalssætra, men myggen var interessert i kontakt. Kom meg kjappt avgarde, så kjappt at eine bildøra stod åpen når eg kom nedigjen. Lett å finne stien oppover, litt skogfall her og der som med fordel kunne vært rydda. Men nokon må ha tid og interesse. Etterkvart forsvinn stien og deler seg opp, eg peila meg inn mot ura. Har lest at Elgspiggen berre er stein og elendighet så var litt spent. Sjekka GPS når den skikkelege ura starta. Då var det ca 250 høgdemeter igjen. Det er då ingen problem! Skodda kom og gjekk litt men fekk sikt >>>

Map    

Alvdal: Fjøshøa og Dølbekkhøa

Date:
22.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:07h
Distance:
4.7km
Map     5 comments

Engerdal/Dalarna: Østerhogna

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:47h
Distance:
12.6km

Hadde tenkt å kjøyre til Nysetra, men det er omlag same avstand og mindre stigning frå parkering og stistart ved Skjeftmyra. Veldig god sti og lett å gå heilt til topps. Møtte 3 karar som skulle på fisketur til Hognsjøen. God utsikt 360 grader frå toppen. Mobilen plinga med velkommen til Sverige. Tok ei runde rundt varden som vel skulle bety coronakarantene. På retur møtte eg fiskeferiekarane som hadde fått ut makklysa og låg med ølboksen og prata om livets tilfeldigheter. Dei var glade dei slapp tvangsflygning med kona til Syden i år. Kjempelett og fin tur. Så ein liten avstikkar til Svarthammaren litt lenger borte i gata.

Map    

Rendalen: Gråhøgda

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:18h
Distance:
3.9km

Enkel tur til Gråhøgda. Litt stein/ur opp sida, men ingen problem. Etter turen valgte eg å overnatte her oppe istadenfor å kjøyre ned til Spekedalssetra. God kjølande vind og lite insekt.

Map    

Rendalen: Envola

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
0:25h
Distance:
1.8km

Enklare blir det ikkje. Parkeringsmulighet og merking Envola ved veien. Kort og tydeleg sti opp på kanten til ein varde. Så lett bakover til høgste punktet.

Map    

Engerdal: Svarthammaren

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:55h
Distance:
3.9km
Map    

Rendalen: Sølentoppane og Tissvola

Date:
20.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:13h
Distance:
29.2km

Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
16.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.8km
Map