Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (11)
-
Climbing (6)
- Alpine climbing (6)
- Other trip (34)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (539)
- Backcountry skiing (170)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (363)
-
Trip by foot (1967)
- Alpine trip (1)
- Hike (602)
- Hillwalk (1262)
- Jogging (5)
- Walk (9)
Peakbook-Friends
Favourite trips
- Sarek: 12 dagar villmark 2008
- Stryn: Argaste toppen i Nordfjord
- Finnmark: Laksefjordvidda 2009
- Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter
- Surnadal: Naustådalen og Neådalen
- Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og
- Norddal: Aktivitetsveke, dag 3
- Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet
- Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til
- Sunndal: Somrungnebber
Favourite peaks
Flora: Øyane, del 2 Svanøya
- Date:
- 13.06.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:51h
- Distance:
- 8.3km
Med meg på denne turen fekk eg lokalkjent Anders Espeset. Det var nok lurt, slapp å lure på kvar ein skulle gå. Det er fine stiar berre ein er klar over kvar ein finn dei. Nokre parti er ganske nymerka og ikkje skikkeleg inntrakka enno. Vi starta ved huset til Anders og familien hans og avslutta ved skulen på Våg der vi vart henta for å rekke middag. Eg anbefaler denne rundturen. Det er heller ikkje langt å gå frå/til ferjekaia, slik at ein klarer seg utan bil dersom ein vil gå rundtur. Vanlegvis har ein god tid her ute sidan avgangene ikkje er veldig hyppige. Ein anna variant er å ta med sykkel og ta begge frå Kvalstad slik eg opprinneleg hadde tenkt. Følg då GPS-sporet, det er dei beste og kjappeste stiene. Utsikta frå Kvalstadfjellet er begredelig pga skog, men ta turen ut >>>
Flora: Øyane, del 1 Reksta og Kinn
- Date:
- 12.06.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
https://peakbook.org/ligroenb/tour/360723/Øyhopping+i+Kinn:+Reksta.html
https://peakbook.org/ligroenb/tour/360796/Øyhopping+i+Kinn:+Idylliske+Kinn.html
Askvoll: Gjelsvikefjellet
- Date:
- 01.06.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:36h
- Distance:
- 7.2km
Vinjar sprang inn til Selvikestølen i crocksane sine. Her vart det bading og haloi i elva medan mor og far gjekk kvar sin tur til toppen. Veldig fin tur og veldig fin støl. Fredeleg og idyllisk utan veiar eller inngrep som er synlege frå stølshusa. Det er sjeldan etter kvart. Så fekk Vinjar på seg skikkelege sko og sprang heile vegen til Rindane igjen i trusa og t-skjorta.
Askvoll: Rivedal -> Stongfjorden
- Date:
- 31.05.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:43h
- Distance:
- 15.6km
Det er skilta til parkeringsplassen. Den finn du her: Rivedal parkeringsplass
Vinjar og eg gjekk mot Rivedalsstølen der vi skulle møte mamma seinare på dag. Her vart det lang økt med bading og muring av damanlegg i elva. Etter kvart kom trimmarane og sjekka ut på DNT-appen sin. Lise returnerte frå si runde og eg gjekk vidare mot Stongfjorden. Først opp til Rivedalskletten. Ganske overraskande fin topp. Merka med stikker opp frå nord. Så vidare nordover Blåfjellsåta, Hekkelfjellet og Skålefjellet. Frå Skålefjellet såg eg bobilen svinge inn ved Grandane feriehus. Vinjar var kjappt i gang med håven i fjæra. Etter ei god stund på toppen fulgte eg merkinga nedover mot Stongfjorden. Trakka på noko tørrt gras, som resulterte i eit uskuldig fall. Problemet var at eg tok meg for med høgre handa. Skuldra >>>
Askvoll: Rånane
- Date:
- 30.05.2020
- Characteristic:
- Hike
Kort tur til ein beskjeden topp. Men absolutt verdt eit besøk. Gjekk på vestsida av toppen og opp frå nordvest. Litt bratt eit lite parti med god friksjon i fjellet. Ingen problem. Lise gjekk turen først, ho tok austsida. Det går fint å gå ein rundtur slik enkelte andre har gjort.
Det er muleg å kjøyre inn til det store bygget, lager eller garasje eller kva det no er. God vei inn, og god plass å parkere.
Askvoll: Norskehesten
- Date:
- 30.05.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 3.5km
Båtskyss til Alden ordna vi hos Alaria As, tlf 48132779. To unge jenter driv butikken med hjelp av far sin. Dei kom til avtalt tid kl 1000 på Værlandet Gjestehamn. Meir foto og info her: https://peakbook.org/tour/358538/Alden+-+Instenova+og+Ytstenova.html
Askvoll: Høgkletten, Båtekletten og Midtkletten
- Date:
- 29.05.2020
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 2.9km
Sjå meir bilder og utfyllande info hos Lise:
https://peakbook.org/ligroenb/tour/358452/V%C3%A6rlandet+-+H%C3%B8gkletten%2C+B%C3%A5tekletten+og+Midtkletten.html