Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (11)
-
Climbing (6)
- Alpine climbing (6)
- Other trip (34)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (539)
- Backcountry skiing (170)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (363)
-
Trip by foot (1967)
- Alpine trip (1)
- Hike (602)
- Hillwalk (1262)
- Jogging (5)
- Walk (9)
Peakbook-Friends
Favourite trips
- Sarek: 12 dagar villmark 2008
- Stryn: Argaste toppen i Nordfjord
- Finnmark: Laksefjordvidda 2009
- Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter
- Surnadal: Naustådalen og Neådalen
- Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og
- Norddal: Aktivitetsveke, dag 3
- Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet
- Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til
- Sunndal: Somrungnebber
Favourite peaks
Sunndal: Dei 3 Steinbruhøene
- Date:
- 02.06.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:46h
- Distance:
- 20.9km
Møre og Romsdal pf 100 1099/1160
Det slake fine terrenget til desse toppane innbyr sjølvsagt til skitur. No vart det ikkje slik, men dette var ein veldig fin tur og til fots. Parkerte over svingane i Hallarvasslia. Gjekk i tett skog og elende bort til ein rygg som eg fulgte rett oppover sør for Øykjelibekken til den gamle annleggsveien. Rusla denne til Langdalselva. Her var det skilt om adgang forbudt og andre trugsmål. No såg det ikkje ut som det var gjort noko arbeid her sidan i fjor. Støyping og greier. Langdalselva er stor, men heldigvis gjekk mesteparten i tunnel under veien. Eg kunne gå under den nye demninga og klyvra meg over den vekkvaska veien. Her er det ikkje muleg å sykle lenger slik situasjonen er i dag iallefall. Så var det drygt 5 km i luftlinje til Nørdre Steinbruhøa. >>>
Sunndal: Skrondalsnebba, Jønstadkollen og Kleivhøa
- Date:
- 01.06.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:39h
- Distance:
- 17.2km
Møre og Romsdal pf 100 1096/1160
Eg kunne sjølvsagt gått veien innover til Jønnstad for å ta desse 3 toppane, men den veilabbinga frista ikkje. I boka Toppturer i Sunndal er det beskrive ei rute opp frå Skrondal. Anbefalt parkering ca 150 m oppover traktorveien etter avtale med grunneigar. Eg prøvde meg i det huset men ikkje svar. Valgte derfor å parkere litt lenger borte ved ei møtelomme på veien.
Fulgte skogsveien til endes ca 290 moh (sjå GPS-sporet). Siste strekket med vei er ikkje innteikna på kartet. Så var det lia oppover, ca 500 hm med bukkemark utan sti. Dette var eg klar over, det står beskrive i denne boka. Etter 300 hm kunne eg konstatere at eg hadde gløymt maten i bilen. Mykje banning og bortimot grunn til å snu sidan eg er hjelpelause på tom mage. Svetten rann, >>>