Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rauma: Døntfjellet, Sæterhøa og Dønttinden

Date:
30.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:18h
Distance:
35.3km

Møre og Romsdal pf 100 1023/1156 Vakna på Slettali P-plass til skydekke og litt vind i buskene. 2 dryge turar merkast i ein gammal skrott, og ungdomen Torleiv måtte kjefte litt på meg for å få meg i gang. Starta kl 0900 og gjekk til undergangen. Der møtte vi eit par som skulle til Dønttinden. Dama var søstra til ho vi møtte dagen før. Rett så livlege og trivelege folk. Etter eit par hundre meter var plutseleg skydekket vekk og vi fekk ein kanondag. Skilde lag før sætrane og vi gjekk ryggen i retning Sæterhøa. No var det ikkje så vel at vi berre skulle gå dit nei. Måtte nedom Døntfjellet, noget meiningslaust anna enn for samlarar. Den tørre snøen i nordhellingane gjorde at fellene klabba som besett. Frå Sæterhøa såg vi no folk på vei mot Dønttinden. Glei ned til vatnet >>>

Map     3 comments

Rauma: Kovåhøa, Vermehøene og Storhatten

Date:
29.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:35h
Distance:
35.7km

Møre og Romsdal pf 100 1020/1156 Denne dagen hadde vi eigentleg sikta på Dønttinden og tilhøyrande herligheter. Men pga meldingar om vind endra vi rekkefølgja og gjekk for denne dryge runden i staden. Kunne ganske snart spenne på oss skia og labbe oppover dei lange og kjedelege veisystema frå Slettali. Etter langt og lenge kunne vi peile oss inn på Kovåhøa. Tok ein pause oppunder ei furu, og der fekk vi nesten appelsina i halsen då det kom eit voksent ektepar ruslande. Dei hadde heller ikkje forventa å møte folk, og ville gjerne sjekke kva dette var slags rarietetar som hadde rota seg vekk. Dei kunne fortelje at dei hadde planar om Dønttinden neste dag. Diskuterte litt rutevalg osv før vi rusla vidare. Enkelt til Kovåhøa, Nørdre Vermehøa og Søre Vermehøa. Mot Storhatten >>>

Map    

Rauma: Skirifjellet, Skarvskaregga og Alterhøa

Date:
28.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:32h
Distance:
34.3km

Møre og Romsdal pf 100 1016/1156 Glimrande ver då vi starta turen. På Skirifjellet friskna det på med vinden, ganske kaldt og utriveleg. Etter Skarvskaregga var meininga at eg skulle vente på dei andre før vi starta på stigninga til Alterhøa. Vel nede på 1000 m i skaret var det ikkje den påskestemninga eg hadde håpa på. Sur vind og overskya. Tok på stilongsen og alt av kle, likavel var det ikkje muleg å vente der ein times tid medan Torleiv og Jan Petter gjekk over Midthøa. Starta derfor å gå svært roleg mot Alterhøa. Kunne sjå dei andre som kom glidande nedover frå Midthøa. Det tok litt tid fordi det var mykje motbakkar der! Berre kort stopp på Alterhøa. Returnerte langs sporet mitt der eg venta dei andre skulle kome gåande. Berre Jan Petter kom. Torleiv valgte å returnere >>>

Map     2 comments

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
22.04.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Sunndal/Surnadal: Renndalskamman, Grinaren og Slanglifjellet

Date:
16.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:20h
Distance:
37.7km

Møre og Romsdal pf 100 1013/1156 Ein flott tur i lett terreng og legendarisk føre. Turen vart alt anna enn enkel likavel. Lise måtte hjelpe meg å knyte skiskoa og etter 2 meter med ski på beina holdt eg på å gi opp pga ein rygg som hadde fått eit tilbakefall. Prøvde nokre meter til, ny pause... litt lenger igjen og ny pause. Til slutt var eg oppe ved Tovatnet og det gjekk bedre og bedre. Veldig enkelt å gå i den oppkjøyrde løypa inn dit. Sleit og med å få i meg maten, ei brødskive + noke snopegreier på ein slik tur blir altfor lite. 2 liter vatn vart og for lite, på Slanglifjellet måtte eg bomme eit par desiliter med ein triveleg sunndaling. Heldigvis var føret kjempebra, så nedfarten frå Slanglifjellet vart ein telemarkdans. Fekk fylle vassflaska i den åpne elva før >>>

Map     1 comment

Klæbu/Melhus: Vassfjellet

Date:
14.04.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:45h
Distance:
12.0km

Sør-Norge pf 500 231/402 Parkerte bobilen på Kvål og kjøyrde "vanleg" bil til parkeringa. Den første store freistinga var ein Massey Ferguson og ei gule trakkemaskin nedafor parkeringa. Desse måtte sjølvsagt undersøkast. Så var det ei maurtue nokre meter oppi veien som og tok tid. Sånn er det berre, Vinjar gjekk 3 km sjølv før vi bidrog med assistanse. Oppe ved toppen møtte vi skispor og såg ein som kom opp frå aust. Kunne faktisk og gått mesteparten av turen på ski frå startstedet vårt. Men snøen var hardtrakka og god å gå i til fots oppover. Flott utsikt i alle retningar frå toppen. 2 gutar vi møtte kunne fortelle at vi var heldige med dagen. Det var vindstille, noko ein slett ikkje kunne rekne med på Vassfjellet. Ein av dei fortalde og om hobbyen sin, samle >>>

Map    

Agdenes: Hestgrovheia

Date:
13.04.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:54h
Distance:
11.0km

Sør-Norge pf 500 230/402 Kom frå Orkla camping der vi hadde 2 netter i bobilen. Kjøyrde "vanleg" bil til Lensvik og fann bomveien mot Solemsdalen, kr 40. Vi vart litt skuffa når veien var stengd med eit stort rør ved Geitholbekken. Det betyr ein lenger tur både i tid og km. God matpause i steinbruddet før vi tok fatt på stigninga. Fulgte Gammelstien til vi kom opp på kanten og kunne følge stikkene vidare til topps. Vi var litt spent på snøen, men den var hard og god å gå på. Ei dame hadde passert oss og kom til topps eit lite stykke før oss. Kald vind men ellers fint. Stor stas med snøfelta på returen, spesielt dei bratte der ein kunne skli og rulle nedover.

Map    

Orkdal: Omnfjellvarden

Date:
12.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:00h
Distance:
16.3km

Sør-Norge pf 500 229/402 Det er aldri spesielt lystig å starte tur i slike hytteområder. Privat, parkering forbudt, borttauing, bom og kjettingar osv. Våga meg til å kjøyre gjennom parkeringa ved Hundså bru, og til slutt kom eg i prat med ein triveleg kar som viste meg ei parkering. Litt etterpå kom sjefen for opplegget, Meås heitte han. Det var ein hjelpsom kar. Om ein treng parkering her er det muleg å ringe skiforeninga sa han. Dei har nokre ledige nummer til parkering. Han ringde til Lise og avtalte at ho kunne sette bobilen på nr 12. Kjempegreier. Det var akkurat nok snø på myra til å ta på skia ved bilen. Eg gjekk åleine, Lise etterpå. Her skulle vi sjølvsagt tatt med Vinjar i pulk men slik vart det ikkje. Fulgte eit scooterspor innover til betongbrua ved demninga ved >>>

Map    

Kristiansund: Storskarven

Date:
11.04.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
6.3km

Møre og Romsdal pf 100 1010/1156 Sist eg var i dette området gjekk eg i eit grisever med Vinjar på ryggen. Hadde då berre markert ut på kart Litlskarven utan vidare research. Det var ein kjempetabbe sidan Storskarven er nokre cm høgare, og den raude markøren no er flytta. Var innom tanken, ettersom namna Litle og Store vel forklarer ein del. Akkurat då gav eg blaffen og kom meg til bobilen igjen, noko både eg og Vinjar var glade for den gang. Så då var det klart for ny tur, og Kristiansund endeleg komplett pf 100. I tillegg gjekk Lise ei lenger runde og fekk dei 4 ho mangla i denne kommunen. Parkerte i Kvalvåg på grei parkeringsplass rett ved vegen der den sørlegaste traktorvegen innover startar. Det er skilta Setervatnet. Aust for dette vatnet var det eit veidele, vi fulgte den >>>

Map    

Eid: Ytre Åsane

Date:
07.04.2017
Characteristic:
Hike
Map