Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Herøy: Keipen, pf 50&100 komplett

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hillwalk

Sunnmøre pf 100 518/519 Møre og Romsdal øytoppar 43/43 Ragnar ordna skyss med Lasse, som meget velvillig stilde opp med båt. Møttest kl 1220 ved hamna på Kvalsund. Susa utover til Skorpa, brukte litt tid for å komme oss inn og legge oss til. Meget grunt her. Trikset skal være å sikte på ei gule bøye som ligge oppe på marka bak husa. Ekkoen viste sånn 1-2 meter lenge så det var marginalt, mykje sidan det var nesten full fjøre. Fekk hjelp av ein artig kar på kaia. Vi måtte berre innrømme at dei to som ikkje styrde båten kunne kallast landkrabber. Rusla forbi husa og tok til høgre og gjekk langs eit gjerde. Fulgte vidare stien til toppen. Sjølv om det bles ein del på sjøen var det vindstille på toppen. Ein meget fin dag å besøke denne spesielle plassen og toppen.

Map    

Årdal/Luster: Store Skagastølstind

Date:
15.07.2017
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
8:55h
Distance:
18.0km

Lise har skrive om denne turen, sjå rapport og mange fleire bilder der. https://peakbook.org/tour/220613/Storen+:-%29.html

Map     4 comments

Sykkylven: Synnavindsnipa, pf 100 komplett

Date:
10.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:49h
Distance:
18.7km

Møre og Romsdal pf 100 1040/1156 Kom meg avgarde frå Erstad ca 1100 etter å ha kjøyrt Volda/Ørsta. Det betyr 2 ferger men mykje kortare kjøyring. Ein familie på 4 starta omtrent samtidig. Tvillingpar i 11-årsalderen var veldig ivirige og morsomme. Dei hadde og Synnavindsnipa som mål. Skilde lag med dei etter kvart då dei skulle gå om Stabben og nordryggen. Eg ville gå frå sør for å få med meg Stokkfonntinden i tillegg. Fann ingen god rute opp mot Synnavindsnipa. Ein del snø og klyving vart det. Familien på 4 var ikkje å sjå, eg venta ei stund før eg returnerte. Prøvde risikabelt nok ei anna rute ned over 3-4 renner før eg kom til renna som tok meg ned i botnen igjen. Ikkje å anbefale, men det gjekk heilt greitt. Stokkfonntinden ja, ut frå kart skulle ein tru at 1205-toppen >>>

Map     2 comments

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
09.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
2.7km
Map    

Vågå/Dovre: Skardshøe

Date:
06.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:02h
Distance:
11.7km

Vinjar var kjempeflink på turen til Ståkåhøe og fekk ta tidleg kveld. Vi parkerte bubilen og overnatta der Holsetervegen startar. Sykla inn til Holesætri, sauene her var svært kontaktsøkande. Rota litt i starten, rutevalget opp til eg kryssa Smålågrovi var berre tull. Resten av turen heilt ok. Stien var tydeleg å sjå på returen og er grei å gå, men ein del einar og kratt gjer at shorts ikkje er å anbefale om du vil gå her.

Map    

Vågå/Dovre: Ståkåhøe

Date:
06.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:15h
Distance:
8.8km

Ein topp forsåvidt utan mål og meining. Siste turdag i ferien på vei heim. Gjekk rundt seterkvia på Lefinnlii og fann stien som er innteikna på kartet. Fulgte denne oppover og kunne etterkvart peile oss inn på Ståkåhøe. Vinjar gjekk sjølv og var opptatt av å rydde stien for stein og kvist. Klatra og på fleire av dei store steinane oppover. På returen møtte vi på ein kar, det gjekk ikkje lenge før vi skjønte at han var ein likesinna. Vinjar fekk sitte i bæreselen nedover til bilen igjen. Lett og fin tur i ryddig og enkelt terreng.

Map     1 comment

Lesja: Grønhøi

Date:
05.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h
Distance:
4.5km

Reinheimen pf 100 87/115 Har aldri kjøyrt denne Slådalsvegen før, så det var ei oppleving i seg sjølv. Parkerte omtrent på høgste punkt der vi overnatta. Kald nordavind men sol og fint ver ellers. Fekk tørka dei våte kleda bak i bilen som hadde ligge der sidan Skarfjell-prosjektet. Veldig enkelt og lett å gå mot Grønhøi. Denne toppen har ein viss samleverdi sidan den ligg i Reinheimen pf 100-lista. Møtte 3 stk som var på retur, Lise møtte og ei dame. Så litt besøkt er nok denne toppen. Ikkje rart så lett og fint å gå som det er i dette området.

Map    

Surnadal: Skarfjellet

Date:
03.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.9km

Møre og Romsdal pf 100 1039/1156 Våt og trasige dag i Surnadal. Vi hadde blinka ut Skarfjellet, og etter å ha studert Stikk-Ut-brosjyra viste det seg å være sti oppver mot ein varde. Lise gjekk først og så bytta vi. Droppa denne varden og gjekk til høgste punktet. Var innom 2 punkt faktisk, ikkje godt å sjå i skodda kva som var høgast. Men 947 er ved den vesle varden, den store varden ligg lenger aust. Grei nok tur for å fylle dagen med eit kvart, men våte vart vi. Vinjar fekk kaste pinnar i elva nede i dalen og sjå Mummitrollet.

Map    

Rindal/Surnadal: Gardfjellet og Gråhaugen

Date:
02.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:18h
Distance:
8.8km

To toppar rett under 100m-grensa. Greitt å plukke med når ein er i området. Hadde lite info, men satsa på ryggen opp sør for Kvernbekken. Til mi store glede var veret bedre enn frykta, og i tillegg var det sti opp til Gardfjellet. 45 min opp dit i bra driv. Vidare over Inner Slompen og til Gråhaugen. Såg Lise og Vinjar som rusla nede på demninga. I Slumpskaret stod det skilt med nettopp Slumpskaret på. Ein sti førte meg nedover den bratte sida der. Denne mista eg etterkvart og gjekk på måfå mot parkeringa igjen. Utruleg nok gjekk eg meg på ei fuglekasse midt i bukkemarka. Kikka nedi berre ein unge igjen. Svart kvit flugesnappar. Truleg ein ihuga ornitolog som held til i området. Fin og enkel runde over desse 3 toppane. Anbefaler å gå Gardfjellet først sidan stien ned er vanskelegare >>>

Map    

Surnadal: Sandfjellet

Date:
01.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h
Distance:
6.2km

Valgte å gå oppigjen denne toppen sidan eg bomma på høgste punkt for 2 år sidan. Då var det frisk vind på toppen og vi enda opp ved bua, boka og 888-toppen. Hugsar eg kasta eit blikk bort på 889, men fellene var alt av skia og med Vinjar i bærmeis var det berre å komme seg utfor kanten og sette telemarksvingar ned til bilen. Lise gjekk turen før meg, det er merka oppover med blå stikker og ein del stein. Følg veien oppover eit stykke mot Sandsetra og ta av til høgre når du ser første blåpinnen. Stien er lett å miste når ein kjem oppover eit stykke. Lett skodde på toppen, men utsikta hadde eg sist gong. Då har eg iallefall vært på Sandfjellet.

Map