Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rauma/Nesset: Hesteskotraversen

Date:
31.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:13h
Distance:
18.3km

Rundturar er stort sett alltid kjekke. Meir spennande enn å gå på ein einaste fjelltopp og nedatt akkurat same veien. Denne turen hadde Jan Petter og eg diskutert tidlegare og når veret såg bra ut var det berre å trakke til. God sti frå skytebana i Isfjorden til Loftskarsetra. Før setra tok vi av etter merking til Kyrkjetaket. Fulgte vanleg rute opp dit. Spørsmålet var så 1394-toppen. Satsa på første skaret vest for det lavaste skaret. Då vi kom opp i dette skaret såg vi at det var greitt å gå vidare nord for ryggen/egga. Vidare lurte vi litt på Ivertoppen, men gjekk forbi denne. Kunne gått på nordsida, men dette såg vi ikkje før vi var komne forbi, vi gjekk då litt tilbake og sørom Ivertoppen. Det ligg og ein anna topp mellom Ivertoppen og Klauva som burde vore registrert, >>>

Map     3 comments

Rauma: Isfjorden - Åndalsnes tur/retur

Date:
30.07.2016
Characteristic:
Walk
Duration:
5:30h
Distance:
12.0km
Map    

Rauma: Olaskartinden

Date:
30.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:28h
Distance:
5.5km

Etter å ha trilla med Vinjar tur/retur Isfjorden-Åndalsnes var eg heilt kaputt. Noko meir einsformig enn å gå på asfalt finst vel ikkje! Då Lise kom frå si runde hinta eg fint til Jan Petter om ein liten trimtur utpå kveldinga. Han var sjølvsagt ikkje tung å be. Veret såg brukbart ut, og vi kom oss avgarde ca kvart over seks. Oppover den spennande nordryggen tettna det til med skodde, og så kom regnet. Det bøtta ned medan vi klyvra opp siste hammaren og langa ut mot toppen. Her stoppa vi faktisk ikkje! Starta umiddelbart på nedfarten. Først den vanlege ruta, så etter Jan Petter si eiga rute. Etter eit par hundre høgdemeter fann vi ei flott steinhelle som vi søkte ly under. Sjølvsagt letta det opp, og når vi kom ned til Olaskarsvatnet var det kjempefint igjen. Snakk om uflaks, >>>

Map    

Rauma: Morgådalstindane 1179-toppen

Date:
29.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
7.5km

Veldig vekslande ver. Håpet var å klare denne toppen som ein fin kveldstur før regnet kom. Skulle sjølvsagt gått heile rekka, men åleine og med lita tid vart ikkje dette prioritert. Av og til får ein berre ta det som er viktigaste og droppe resten. I dette tilfellet vart det heilt ok. Kjøyrde til Morstøl. Snakka med dama i gardstunet. Skulle berre kjøyre vidare og parkere ved sommarhuset. Der var det folk, fekk ordre av ho om å ikkje blokkere noko. Stien fann eg etter å ha kryssa marka. Den var utydeleg og fuktig i starten, men når eg kom mot elva var den veldig god vidare opp i dalen. Jan Petter hadde dårlege erfaringar med ruta opp. Mykje kratt og elende. Dette såg ikkje bra ut nei. Gjekk lenger inn i dalen enn han gjorde, og peila meg inn på den første enorme steinen midt >>>

Map    

Rauma/Nesset: Kjøvskartind, Husnebba og Aksla

Date:
28.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
14.0km

Dag 2 av kort og sein familieferie. Kom frå Vaksvikfjellet og Næremstindane som vi var på onsdag kveld. Kjøyrde bomvei til Kavlisetra der vi parkerte i inngjerda område med 2 bilar. Lise var først og fremst gira på Kjøvskartinden og la i vei umiddelbart. Vinjar skulle sove, og så brukte vi lang tid etterpå inn mot Kavlisetra. Møtte ein grunneigar, ei dame som ikkje hadde mykje godt å seie om dei vanvittige utbyggingsplanane til Rauma Utvikling. Mykje flotte hestar og sauer rundt setra, kjekkt for Vinjar. Gjekk vidare innover og tok av på stien mot Måsvassbu. Etter ei stund ser vi Lise som kjem oss i møte. God pause med mat og godteri før vi skilde lag igjen. Gjekk opp grasbakken i vestsida til sørryggen. Fulgte så ryggen til topps på Kjøvskartinden. Flott temperatur, men >>>

Map    

Ørskog/Vestnes: Næremstindane

Date:
27.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:12h
Distance:
12.7km

Første dag på ein sein og kort familieferie for oss. Parkerte på parkeringsplassen lengst inne, der vi og overnatta. Starta ilag og gjekk i godt driv oppover. Når vi var ferdige med det fuktigaste partiet ville Vinjar gå sjølv. Då gjekk Lise i forveien, avtalen var å møtest på Høgsvora etter at ho hadde vore aust til høgste toppen 1169. Stien til Høgsvora er mykje brukt og lett å følgje. Då Vinjar og eg kom til Høgsvora fekk vi telefon frå mamma som stod på 1169-toppen. Såg ho så vidt der borte. Det gjekk ca ein halvtime før ho var tilbake på Høgsvora. Vinjar og eg åt godteri og skreiv oss inn i boka. Så var det min tur. Gjekk litt ned nordover før eg gjekk mot egga. Så er det ein enkel og artig tur bortover. På returen gjekk eg ikkje oppom Høgsvora men tok bort >>>

Map    

Vestnes: Helsetnakken

Date:
22.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:40h
Distance:
6.4km

Vi vakna på camping i Måndalen (Måna camping) til skodde og grått. Av og til er det faktisk greitt å legge seg inn på camping, dusj og straumtilkobling på bilen er gull. I tillegg får ein sjå folk i alle aldrar og fasongar. Ein gut på ca 5 år som sikkert kjeda seg voldsomt og var ute etter leikekompisar prøvde seg med ein liten brytekamp med Kjetil med det samme vi kom ut av bildøra. "Hva vil dere her", "Hvorfor tar du med nøkkelen til bilen" osv osv. Guten Morgen! Vi fekk brukt skule-tysken vår på herretoalettet. Etter frokost endra vi planane frå spenstige Middagstinden til meir moderate Helsetnakken. Kjøyrde til Skjeggstad der det stod eit Stikk Ut-skilt. Var såpass opplest at eg viste denne enda på Helsetnakken. Men første del av ruta var enormt kronglete. >>>

Map    

Rauma: Skjervan og Skarven

Date:
21.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:05h
Distance:
14.5km

Vi kjøyrde god grusvei/bomvei inn til inngjerda parkering ved Nysetra. Slo av ein prat med ei lokal dame på rundt 70 som hadde hatt formiddagstrimmen sin inn hit. Fann fram til Nysetra og den veldig gode stien langs kraftlinja oppover mot skaret. Denne stien går til Skarven. Vi gjekk først til Skjervan, hadde eg fått gjort dette omigjen hadde vi tatt Skarven først. Då kunne vi gått rett ned i dalen frå Skjervan og ut til parkeringa på sti. Men uansett... vi gjekk sørover og peila oss inn på nordvestryggen til Mollavasstinden. Ei stikke med tusj "Dagsvatnet" på, eit par andre stikker med raud topp, og ei sløyfe i eit tre. Kvar denne merkinga tok veien veit vi ikkje. Bratt opp ur til 1340 moh. Vi hadde lite info om Skjervan og toppunktet, men visste det skulle gå greitt. >>>

Map     1 comment

Vestnes: Hoemstinden, Sandfjellet, Øspetinden og Storknubben

Date:
20.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:49h
Distance:
20.2km

Ein verkeleg flott turdag med Kjetil. Parkerte ved Sakselia og fulgte god sti mot Hoemstinden. På toppen der møtte vi ein kar med United-t-skjorte. Sidan vi heia på United i 20LEgend sine glansdagar var dette reine icebreakeren og praten kom raskt i gang. Vidare til Sandfjellet der vi hadde matøkt. Vart einige om å droppe diverse småtuer som feks Blåfjellet 1043, og korte ned turen til dei pf 100 som låg i løypa. Gjekk til Hoemsskaret og fin rygg til Øspetinden. Vi hadde sett på avstand på egga mot Storknubben og var spent. Frå Øspetinden ser ein ikkje noko av klyvinga. Dette vart ei spennande økt med leiting etter beste veien og lett fin klyving. Ikkje noko spesielt gale, men ikkje for dei som er skvettne av seg. Kjetil som har begrensa erfaring i tinderangling av denne sorten >>>

Map    

Vestnes: Storskorka

Date:
19.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:38h
Distance:
8.4km

Vi fekk tips om parkering i ei grushole lengst inne i dalen, der den nye synlege veien startar opp langs Fossåna. Vi gjekk denne oppover, veldig dårleg vei. Kjetil som har 3 år med steinsamling i 4H på CV-en fann fleire steinartar som han plukka med seg. Etter kraftinntaket fann vi stien som går innover langs vatnet til Dalsbotnen. Her møtte vi ein kar med fiskestang, boksøl og General. Han fortalde at han prøvde halde vatnet under kontroll, hadde tatt ut 2000 småfisk med garn i fjor. Oppunder fjellet og ut ryggen til Storskorka er det fint å gå. Karen med øl og snus fortalde at han brukte gå opp ryggen frå sørvest direkte til toppen. Denne prøvde vi ned igjen. Vi fann ingen utprega sti, vil heller kalle det bukkemark av god kvalitet. Men nedover går dette som regel bra. Vi >>>

Map