Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Fræna/Eide: Stordalstinden og Blåfjellet

Datum:
04.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:09h
Entfernung:
11,5km

Vi overnatta på parkering Trollkyrkja. Utpå kvelden kom ein bil skrensande inn på parkeringa, og ein vaksen mann la til palings 100 meter innover veien mot Trollkyrkja før han gjorde eit tigersprang til sides og huka seg ned. Kom ruslande fornøgd tilbake og satte opp eit minitelt av typen 399,- på parkeringa. Inn i miniteltet på ca 2 kvm for han, kona og ei vaksen jente + kjøteren.. og ein sixpack øl. Etter 10 minutt kom jenta ramlande ut av teltet og brølte på elgen mens armane gjekk som rotorblad over haudet for å jage vekk knotten. Trur det må ha vore noke forderva kjøt i den gryta der! Ja det er mykje god underhaldning på parkeringsplassar rundt om. Det var meldt strålande ver, men dagen starta med skodde ned til ca 500 moh. Denne letta når vi var på veg mot Blåfjellet >>>

Fræna: Julskartinden og Urdfjellet

Datum:
03.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:20h
Entfernung:
15,6km

Vi hadde overnatta på turparkeringa i Malmedalen. Omtrent i krysset der veien frå Skaret og veien frå tunellen møtest. Ikkje samme enorme varmen i dag som på gårsdagens tur til Skåla. Overskya og ein del vind fungerte fint. Fulgte merka rute mot Galten, som vi ikkje besøkte. Der er det ein av desse STIKK UT-postane. Gjekk heller mot Julskartinden. Stoppa så vidt her før vi gjekk vidare ned i skaret og hadde lunch. Vidare bratt opp mot Urdfjellet, for det meste på ein sti som snirklar seg oppover sida. På Urdfjellet vart det lang pause og Vinjar herja på med steinar og kravla overalt. Etter nøye kartstudie fann vi ut at vi ikkje ville gå samme veien ned. Det var knappe 7 km + 120 høgdemeter opp på Julskartinden igjen. Vi gjekk heller ned til Malmesetra og veien tilbake til bilen. >>>

Karte    

Molde: Skåla og Vesleskåla

Datum:
02.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:43h
Entfernung:
12,5km

Vi overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. Forsette den dårlege veien innover, holete og jæklige (Ein skuleelev og ei traktorskuffe med sand hadde gjort mykje bra her på ein dag). Parkerte ved setra i ein enorm varme. Etter gårsdagens kveldstur på Horga var spent på flugesituasjonen oppi lia, det gjekk overraskande bra pga ein del vind over skoggrensa. Etter ei stund møtte vi 4 lettkledde og lettbeinte damer på vei nedover. Det var 3 søstre Øyre Slind + VM-deltakar i sprint Kari Vikhagen Geitnes. Dei hadde vel ein ok dag på jobb vil eg tru. For meg som brukar mykje tid på skisport om vinteren var dette svært. Utan for mykje pes klokka Vinjar og eg inn på 1 time blank til Vesleskåla. Lise hakk i hæl. Vinden kjøla godt heldigvis. Holdt fram til skaret mot Skåla >>>

Molde: Maifjellet og Kloppafjellet

Datum:
01.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
14,7km
Karte    

Molde: Bjørnlihaugen og Horga

Datum:
01.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
10,0km

Vi kom frå Maifjellet. Meldingane for morgondagen svært gode, og når vi såg over fjorden mot Skåla bestemde vi oss for denne neste dag. Parkerte og overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. 2 kveldsturar på blokka. Den første så enkel som det kan bli. Rusla litt tilbake og tok av på god grusvei til topps på Bjønnalihaugen. Kasse og bok på toppen, mast er der og. Lise og Vinjar var med, tidsbruk ca 1 time. Den andre turen tok eg åleine. Rusla igjen litt tilbake frå gapahuken og tok av ein skogvei oppover. Fulgte denne til 350 moh, før eg tok sats og beina meg igjennom granfelt og bukkemark ca 50 høgdemeter. Etter dette lettgått i åpent skogsterreng oppover mot toppen. Denne toppen var ein kjempeoverraskelse. Veldig flott utsikt mot Molde. Flugene var i storslag. >>>

Karte