Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Fræna/Molde: 4 pf 100 og Fræna komplett

Datum:
24.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:02h
Entfernung:
16,5km

Kjøyrde til Malmefjorden og tok av mot Hol. Ved siste garden leita eg etter folk for å få godkjent parkering osv, men det såg rimeleg fråflytta og dødt ut. Med vanleg bil kan ein sikkert kjøyre til vassverket lenger oppe. No hadde eg uansett ein rundturplan, så då passa det å parkere ved siste garden. Fulgte vei og etterkvart god sti til Holstjørna. Tok av og gjekk ryggen nordautsover til Såta. Her var det eit par veldig bratte kneikar der ein vel må kunne seie det er klyving. Fekk ei sure byge på toppen, noko som gjorde dette til eit av tidenes kortaste toppbesøk. I tillegg var det svart rett nord for meg og lyn og torden herja lenger ute i Fræna. Retur Holstjørna og sti vidare til Frænvarden/Middagsfjellet. Her såg eg turens 2 einaste folk. 2 menn med feminint ganglage. >>>

Karte    

Fræna: Luten, Bjørnen og Butippen

Datum:
24.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:12h
Entfernung:
14,5km

Parkerte på Malmesetra og fulgte merking mot Bjørnen. Stien gjekk over mykje blaute myrparti og var ikkje alltid like kjekk å følgje. Oppover sørryggen kom dette seg. På ca 750 moh tok eg og gjekk sida bortover mot Luten. Her var det litt kronglete, men kom meg greitt bort i skaret. Lett til første topp Luten. Gjekk og bort til varden med kasse og ubrukeleg bok som stod litt lenger nord. Retur til skaret og ny bakke opp til Bjørnen. Her kom akkurat samtidig 3 stk opp ryggen frå sør. Det vart ein lang prat med 3 trivelege fjellfolk, og dei unngikk ikkje eit rekrutteringsforsøk til Peakbook. Samme kvelden hadde 2 av dei registrert seg, morro! Holdt fram over Butippen og stien ned til Gjengkleiva. Herifrå var det ikkje lett å finne god sti. Først eit dyretrakk som gjekk under mykje >>>

Karte    

Molde: Lønsetfjellet

Datum:
23.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:06h
Entfernung:
9,3km

Parkerte på skistadion. Merking mot Lønsetfjellet som er veldig enkel å følgje. Siste skilt heng på ein vegg på ei utløe. Frå stadion er det oppgitt 6 km. Dette er heilt feil, gps viste 4,6 frå stadion til varden. Turen er meget fin og lettgått på god sti utan for mykje myrtrakking. Kasse og bok ved varden. Fint turver, berre nokre få dropar før eg kom til bilen igjen. Møtte ingen, litt rart sidan eg trudde dette var reine kredtoppen i Molde. Overnatta på skistadion, spent på morgondagens ver. Ein smule ustabilt for tida.

Karte    

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
21.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Eid: Ytre Åsane

Datum:
17.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Nesset: Skredin og Rødhesten

Datum:
16.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:12h
Entfernung:
9,7km
Karte    

Gjemnes/Nesset: Vetafjellet

Datum:
15.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:21h
Entfernung:
6,1km

Parkerte på ei lita lomme ved sida av bom og betalingskasse for Fosterlågvegen. Veret var nitrist, så eg tok meg ein cowboystrekk bak i bilen, noko som resulterte i soving altfor lenge. Kom meg avgarde ca 1800 utan at veret var blitt bedre. Det går sjølvsagt å kjøyre oppover denne vegen eit lite stykke til ein parkeringslomme der det står merka Vetafjellet. Dette er ikkje langt, så å betale for det er unødvendig. Turen opp er grei, men no var det søkkvått alle plassar. Det er store stakar som viser vegen heilt opp til masta på toppen. Grautskodde, vind og regn. Kasse med bok som var fullstendig ubrukeleg til å skrive i. Returnerte kjappt til bobilen der det vart fyrt godt og mekka middag.

Karte    

Gjemnes: Hoemsmannen, Høglinebba og Heggemslia

Datum:
15.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:06h
Entfernung:
12,3km

Kom fram til Kinna utpå kvelden og parkerte før eg kom opp til eit flott laftehus og enno eit som var under oppføring. Gjekk opp og møtte ein kar som kunne fortelje om stor arbeidsinnsats for å få det så flott som det no var. Kontrast til mange andre ruskereir og skrotnissar som ein ser og møter rundt om. Det var sjølvsagt greit at eg overnatta på parkeringsplassen hans, men eg måtte forklare litt kva ærend eg var ute i. Hoemsmannen: 4,88 km - 380 hm - 1 t 14 min - Start 210. Eg valgte å gå denne frå Kinna sjølv om eg ikkje hadde noko sti. Kryssa elva nedafor det flotte laftehuset og fulgte skogsvei eit lite stykke til. Derifrå på måfå til topps. Var innom eit par dyretrakk, men enkelt å finne fram i åpen skog. Høglinebba: 3,82 km - 408 hm - 1 t 5 min - Start 165. Gjekk >>>

Karte    

Gjemnes: Storfjellet, Fosnahøgda og Åbakkfjellet

Datum:
14.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
15,8km

Dagens hovudtur vart desse tre toppane i eit prosjekt. Parkerte ved hovudveien sidan eg har ein bobil, men det går å kjøyre langt oppover. Storfjellet er merka både heilt nede og litt lenger oppe. Der står og eit STIKK UT skilt men trur det er til Turtlihøgda. Uansett, veldig lett å finne fram til Storfjellet, god sti heilt opp. Kasse og bok ved varden. Det såg forferdeleg langt ut til Fosnahøgdin, men det var berre å bryte seg på. Prøvde gå rett på, opp og ned, over fleire myrar og så ei lita kneik til slutt. Kasse og bok her og, men boka var i fullstendig oppløysing. Ho Gerd frå Angvika hadde skrive seg inn to gonger, så ei som hadde gjort eit forsøk og så var det meg. 4 besøk i 2015 då ut frå boka. Samma opplegg nordover igjen til Åbakkfjellet, det såg veldig langt >>>

Karte    

Gjemnes: Randa og Blikåsen

Datum:
14.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:22h
Entfernung:
6,7km
Karte