Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Norddal: Aktivitetsveke, dag 3

Date:
21.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:45h
Distance:
21.5km

Dag 3, ny formiddag med skodde og grublerier. Eit lystig turlag på 4 passerte, og hadde ein munter prat med dei. Klokka vart rundt 12 før vi bestemde oss for å gjere eit kvart. Gjekk mot Reindalshola og opp i skaret mellom Meleggatoppane. Plukka desse i skodda. Gjekk vidare austover mot Småkoppane, avtalen var å gjere opp status her. Virka som det var ei endring i været, og utover dagen vart det berre bedre og bedre. Vi ga gass for full runde i dag og. Rekkjefølgje på toppane vart: Vestre Melegga, Melegga, Fremste Høghornet, Grjotkopphornet, Vestre Illstigfjellet, Illstigfjellet og til slutt toppen mellom vatna Småkoppane. Her er det toppar som er skjeldan besøkt! På Grjotkopphornet ingen spor etter folk. Ikkje trigpkt, ikkje to steinar oppå kvarandre. Kor mange har vore her skal >>>

Map    

Norddal: Aktivitetsveke, dag 2

Date:
20.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:05h
Distance:
27.5km

Vi vakna i Øvre Reindalen til skodde, om natta hadde det vært rett så utriveleg med vind og nedbør. Det meldte kjempehøgtrykket såg ut til å ha blitt forsinka innover Skandinavia. Kroksleiven fekk havregraut og kaffi servert ved teltdøra. Etter meir kaffi og grublerier kom det sprekker i skoddelaget og det bar avgarde. Heldigvis hadde eg ikkje vist til dei andre på kartet kor langt det var bort til Høgtunga. Gjekk på merka rute til ca 1680, og så til første topp. Rekkjefølgja på toppane vart: Storløypfjellet, Høgtunga, Vest for Høgtunga, Storløypet, Kollen, Småkoppegga og Søre Småkoppegga. Retur frå siste sørvestover ned til teltet i Øvre Reindalen. Toppen Vest for Høgtunga runda vi i sørsida på vei austover, gjekk over den på vei tilbake. På Storløypet måtte >>>

Map    

Norddal: Aktivitetsveke, dag 1

Date:
19.07.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Distance:
16.8km

Tur 1: Ytterli -> Ytterlinakkane Tur 2: Tafjord, Jimdalen -> Høgenausane Tur 3: Zakariasdammen -> Øvre Reindalen Kanonmeldingar, endeleg ein sjanse til å bruke ei vekes tid i Tafjordfjella/Norddal. Reiste fredag ettermiddag heimafrå med lovnad om at veret skulle lette utover dagen. På vei til Tafjord plukka vi 2 enkle toppar. Ytterli -> Ytterlinakkane. Parkerte ved enden av veien på Ytterli. Kom i prat med ein som bodde der som tydlegvis var svenskepatriot etter capsen å dømme. Skilting til Ytterlinakkane. Fulgte skogsvei eit godt stykke før det var skilting vidare. Gjekk forbi ei ryddig fin bu og runda austover langs ryggen til høgste punkt. Retur same vegen. Traff på svenskepatrioten igjen i tunet, kona var og tilstades. Han kunne fortelje ein heil del om fjella i Tafjord >>>

Map    

Sande: Årvikveten + mange andre

Date:
17.07.2013
Characteristic:
Hike
Map    

Sande/Herøy: Rjåhornet og Sollia + mykje anna

Date:
15.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
20.3km
Map    

Eid: Trolledalsegga

Date:
14.07.2013
Characteristic:
Hike
Map    

Jølster: Grovanipa og Langeheia

Date:
11.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
9.3km

50-metersjakt i Jølster kommune, status 81/85. Kjøyrde frå Skei til Sægrov på sørsida av Kjøsnesfjorden. Parkerte ved brua. På austsida av elva startar stien mot Sægrovstøylen. Først gjennom ei grind, så over ei mark og gjennom ei ny grind. Deretter god sti til støylen. Frå Sægrovstøylen går det 2 stiar. Den eine innover dalen, den andre oppover mot Grovanipa. Fin rundtur der vi anbefaler å gå først mot Grovanipa. Pass på å ta den stien som går mot venstre. Fann merking oppover heile lia, først med ca 100 høgdemeter igjen forsvann den for oss. Raudmerking som viser om ein brukar dei 2 kulene midt i ansiktet. Frå toppane flott ustikt mot Grovabreen, Kjøsnesfjorden osv. Mot Langeheia såg vi fleire gongar ein reinflokk på ca 10 dyr. Stille og fint på toppane. Gjekk >>>

Map    

Stryn: Kattanakken

Date:
10.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:43h
Distance:
10.7km

Enkelte toppar er definitivt verdt eit besøk sjølv om dei ikkje ligg i kremtopplister eller diverse primærfaktorlister. Kattanakken er ein flott tur, enkelt å finne fram og god sti til topps. Vi parkerte på Melkevoll Bretun (50 kr avgift). Gjekk mot Briksdalsbreen og tok av på merka sti mot Kattanakken rett før andre brua. Resten seier seg sjølv. Etter å ha passert/gått forbi fleire hundre tungt parfymerkte turistar var det godt å få frisk luft. Heile Briksdalen låg innhylla i ein parfymedis. Hest og kjerre er skifta ut med nymotens grøne golfliknande kjøyretøy. Det er ikkje mykje igjen av Briksdalsbreen. Turistar blir no skyssa rundt på vatnet i gummibåtar. Eit par enkle klyveparti oppover før det flatar ut mot toppen. Har enno ikkje sett kart med høgdeanvisning på denne >>>

Map     1 comment

Stor-Elvdal: Gravskardhøgda

Date:
08.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
14.8km
Map    

Rondane dag 4: Verkilsdalsbotn rundt

Date:
07.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:30h
Distance:
38.4km

Dette er drygaste dagsturen vi har gått til fots, over 38 km viste GPS. Gjekk frå Dørålseter på merka rute mot Høvringen. Ei elgku med kalv kryssa elva eit lite stykke foran oss, sat roleg og såg på. Artig for oss som for det meste er vant til hjort og rein. Kryssa utosen til Dørålsvatnet på austida og gjekk bratt opp ein rygg i retning dagens første topp, Vassberget. Her møtte vi ein kar, overraskande for alle partar virka det som. Han dreiv og gjekk litt i fjellet, hadde ei Røyne-liste som han kryssa litt av på innrømma han. Virkar som denne Røyne-lista er reine pornografien i enkelte miljø. Etter ein lang prat med han om fjell og tindar måtte vi berre komme oss vidare. Hadde alt brukt 4 timar. Eit steinkast bortafor toppvarden gjekk vi oss på eit kadaver av ei ku. Beingrind >>>

Map     2 comments