Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ålesund/Skodje: Ryddesjau Sunnmøre pf 50

Date:
22.06.2013
Characteristic:
Hike
Map     7 comments

Lom: Lomskollen

Date:
17.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
0:52h
Distance:
5.4km
Map    

Os/Tolga: Kremtopp Thommesen? Javel?

Date:
16.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:36h
Distance:
11.0km

Vi kom frå teltovernatting ved Follandsvagen etter storturen til Store Sølnkletten mm Alvdal: Store Sølnkletten, Spisskletten og Veslsølnkletten . På vei til Trondheim såg vi etter ein enkel topp med ein viss samleverdi. Valget falt på Gråhøgda, pf over 600, det får holde. Vel ikkje det mest spennande namnet, definitivt ikkje i Finefjellnamn-lista. Kjøyrde opp byggefeltet/boligfeltet sør for Os. (Eller hyttefelt som nokon vil kalle det). Her møtte vi ein særdeles pratsom og hjelpsom kar. Han meinte vi var på heilt feil plass og tilbaud seg å kjøyre foran oss mot Narjordet der bomveien startar oppover. Ikkje enkelt å finne fram meinte han. Vi takka og bukka og han insisterte veldig på dette. Makan til hjelpsomme og blide folk i dette området! Vi skilde lag ved betalingsbommen og han ønskte oss god tur. Kjøyrde til ca 870 meter der >>>

Map    

Alvdal: Store Sølnkletten, Spisskletten og Veslsølnkletten

Date:
15.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h
Distance:
20.3km

Vi kom frå teltovernatting ved Tronsvangene. Kjøyrde til Follandsvangen og parkerte der på tilvist parkering. Fulgte merka sti mot Breisjøseter, etter kvart såg vi stien oppover mot topp 1690. Det heile sa seg veldig sjølv, ikkje noko vanskelege valg her. Vi såg eit turfølge eit godt stykke foran oss. Då vi møtte på dei viste det seg å være ein meget lystig gjeng frå Sparebank1 Hedmark. Dei dreiv med såkalla teambuilding. På Store Sølnkletten var det fotografering med stort flagg. Vi fekk utdelt sitteplater og godt drikke som takk for hjelpa med fotograferinga. Turleiar for gruppa hadde mykje morro å fortelje om litt av kvart. Når det kom til namn på toppar var det delvis oppklarande. Toppen Sølnkletten Store Vest 1690 har namnet Spisskletten eller Veslsølnkletten. Sidan >>>

Map    

Alvdal/Tynset: Tron

Date:
14.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:06h
Distance:
13.2km

Vi kom til Alvdal fredag ettermiddag til ei turhelg i for oss eit heilt nytt område. På vei til Tronsvangene stoppa vi innom Spar i Alvdal. Her gjekk det ikkje lenge før 4-5 av damene som jobba der hadde sagt hei til oss. Ein gammal krok med glimt i auga prøvde seg på ein flørt med Lise i kassakøa. Ja her følte vi oss velkomne! Etter handlerunda kjøyrde vi til Tronsvangene. Parkerte der og gjekk mot Tron. Tok av veien og gjekk den fine stien langs ryggen oppover. Tørrt og fint å gå, ingen grunn til å gå veien her! (eller kjøyre!!!). Gjekk først på Sørkletten, så vidare inn på veien igjen. Frå bua på 1340 moh vart veien mykje dårlegare. Vekslande veir på toppane, litt nedbør og skoddedottar som kom og gjekk. Retur ca same ruta. Slo leir ovafor Tronsvangene i eit etterkvart >>>

Map    

Skjåk: Heggebotthovden

Date:
13.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:39h
Distance:
9.6km

Vi parkerte omtrent midt på Heggebottvatnet. God parkeringsplass mellom elva og vatnet. Nasjonalparkkiosk med elgburger på menyen, men såg forholdsvis stengt ut. Bobilturistane på parkeringa fekk feite seg opp på anna kost. Vest for elva er det merka Heggebottsætri og Heggebottflyi. Vi gjekk veien til sætra, der står det merka til flyi. Muleg andre variantar kan være aktuelle men denne var iallefall veldig enkel og grei. God sti innover mot Heggebottflyi. Tok etter kvart av frå stien og kryssa elva. Kom til toppen frå nordvest. Såg nordover til Stamåhjulet og Skarvedalseggen som vi var på skitur til før i år. Skjåk/Lesja: Stamåhjulet og Skarvedalseggen Enkelt og greitt, tok same vei nedover igjen. Ein lett og fin tur om ein treng å strekkje på føtene før eller etter Strynefjellet.

Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
12.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Selje: Mosekleivhornet og Svartehornet + litt anna

Date:
08.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
4:54h
Distance:
14.5km

Då har vi vore innom alle 3 kanalane vi har her i huset. Kongeleg bryllaup i Sverige, Bollywoodfilm og Batman! Altså, takk for at ein har Peakbook! Då er det bedre å skrive nokre ord om dagens myrtrakketur i Selje. Lise har eit meget anstrengt forhold til kysttoppar, og iallefall om ho får bange anelser om at det er myr med i opplegget. Og det er det ofte. Dagens prosjekt intet unntak. Vi parkerte på høgste punkt ca 290 moh mellom Hoddevika og Drage. Skodda låg tjukk heilt ned i veien og regnet piska på ruta. Lise plotta inn toppane på klokka si før vi tok laust. Merking oppover mot Mosekleivhornet. Etterkvart tok vi av og fulgte GPS til Solumskardurda. Ja noko ur er det iallefall ikkje å sjå der. I høgda var det lett å gå vidare til Mosekleivhornet. For å gjere heile greia >>>

Map    

Eid: Trolledalsegga

Date:
04.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Map