Tingvoll: 4 pf 100-toppar (29.07.2014)


Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Magnhildberget (486m) 29.07.2014
Valfjellet (527m) 29.07.2014
Vatnkammen (191m) 29.07.2014
Årsundfjellet (440m) 29.07.2014

Tur 1: Vatnkammen. Ja kanskje drygt å kalle dette ein tur. Gjekk den lille veistubben nord for Litlvatnet 77 moh. Tok av forbi ei hytte/gammalt hus og bratt opp bukkemark til toppen.

Frå Magnhildberget nordover mot Tustna
Frå Magnhildberget nordover mot Tustna

Tur 2: Kjøyrde til Magnillen Camping og parkerte på andre sida av vegen ved nokre vedpallar og ein kontainer. Merka rute til Magnhildberget. Lett å finne fram. Stien er til tider svært bratt og går på berg. Flott utsikt frå toppen nordover mot toppar i Aure kommune/Tustna.

Tur 3: Kjøyrde vidare til Årsund og Kvisvika. Her tok vi av på bomveg til Berget. Merka til Hvalfjellet med start opp skogveien. Forvirrande med parkeringa der, teipa over med nokre teippiler i hytt og ver. Ein kar lot oss stå på ei avkjøyrsle han eigde tilknytta hytteeigedomen sin. Voldsom skogsdrift der, med bane og skogsmaksiner. Artig å sjå på for ein gammal skogbrukskar som meg. Lise fekk eit lite forsprang, måtte økte på. Fulgte skogveien til det stod merking Hvalfjellet. Vidare lett på svært god sti. Gjekk tarmen mellom 2 vatn som er godt synleg på kartet. På returen ville eg plukke Årsundfjellet medan Lise gjekk tilbake til bilen. Gjekk rett nordover på vestsida av Fjellsetervatnet. Kom etterkvart inn på ein sti som eg fulgte til toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.