Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 2 (10.07.2014)


Startsted Danielbu parkering (1150moh)
Sluttsted Johanhytta (1110moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 32min
Distanse 22,0km
Høydemeter 1700m
Kart
Bestigninger Børa (1916moh) 10.07.2014
Kaldbottinden (1856moh) 10.07.2014
Kaldhøa (1640moh) 10.07.2014
Kleneggen (1964moh) 10.07.2014
Sør for Kleneggen (1937moh) 10.07.2014
Raudmyrhøa (1616moh) 10.07.2014

Dag 2: Dagen starta som venta med fantastisk ver og over 20 grader. Heldigvis litt trekk i lufta. Gjekk stien frå Danielbu mot Kleneggen. Stien forsvann ganske snart så vi holdt fram etter kart og eigen vurdering. Gjekk nord for vatn 1379 og dei to kollane i Kaldbotnen. Bratt opp mot skaret mellom Kleneggen og Børa. Vidare eit drygt parti til høgste toppen i Nesset. På topplatået tok vi igjen ein kar med 2 gutar. Den eldste guten på ca 13 år ramla om i steinrøysa eit par steinkast før toppen og vart liggande i protest mot slike toskete prosjekt som dette. Yngstemann feira med far på toppen. Far lirka fram ein boks pæresider og eg fekk iallefall halve i kaffikoppen min. Triveleg kar! Vi byttar bærar, eg tok over junior. Gjekk over Børa og til Kaldbottinden. Litt usikker på kva eg skulle gjere vidare så valde å bli med ned i Kaldbotnen og skille lag med Lise og Vinjar der. Gjekk åleine over Kaldhøa og Raudmyrhøa. Lise returnerte frå Kaldbotnen til bilen saman med Vinjar, og plukka meg opp ved Johanhytta. Store tunge skyer utover ettermiddagen, og rett etter at eg var framme med bilen kom ei saftige bløyte!

Vinjar og eg på Kaldbottinden, bak Børa og Kleneggen
Vinjar og eg på Kaldbottinden, bak Børa og Kleneggen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.